Film

På vegen mot Oscar

Til saman 10.143 røysteføre Academy-medlemmer skal no avgjere om norske Affeksjonsverdi skal vinne Oscar. Eller Oscarar.  

Ampas, meir kjend som Oscar-akademiet, held til i Wilshire Boulevard i Beverly Hills. I bygget ligg òg Samuel Goldwyn Theater, der skodespelarene Danielle Brooks og Lewis Pullman sist veke presenterte nominasjonane til den 98. Oscar-utdelinga. Affeksjonsverdi fekk ni.
Publisert Sist oppdatert

– Det er ei heilt vill kjensle av takksemd og så mykje stoltheit, sa Renate Reinsve til VG etter at filmen Affeksjonsverdi sist veke fekk heile ni nominasjonar til den 98. Oscar-utdelinga.

Saman med eit kresent utval av gjengen bak filmen var ho på Filmens Hus i Dronningens gate i Oslo, der dei alle heldt om stettglas med musserande mens dei følgde seremonien frå Samuel Goldwyn Theater i Beverly Hills på storskjerm. Regissøren Joachim Trier var ikkje til stades, for han har midlertidig flytta til Los Angeles med familien.

For det er klart: Ein Oscar gjev seg ikkje sjølv. Det hjelper å lage ein god film, men det er ikkje nok. Her må det investerast tid og pengar, og ein regissør må posisjonere seg, bygge seg eit namn. I filmindustrien tar slikt fleire år.

16 nominasjonar!

Seinare denne torsdagskvelden lét Joachim Trier seg intervjue på Dagsrevyen frå eit disig California med palmetre som kulisse. Noregs viktigaste nyhendekanal hadde rydda dei ti fyrste minutta av sendinga til denne historiske dagen for norsk film, og derfor måtte Grønland vente, Donald Trump det same, og siste nytt frå Davos.

Nominasjonskalaset var ei riktig gladsak i ei elles turbulent og dyster verd, og overraskande for eit land der gjennomgangstonen for filmkritikk i mange år var «god til å vere norsk». Men noko har skjedd, Noreg har blitt ein filmnasjon. På link frå Hollywood stod ein smilande Joachim Trier og sa at no «gjelder det å få den vist til medlemmene av Oscar-akademiet».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement