Sosiale medium

Makt på raud løpar

Ei kvinne med sterke meiningar, ein gründer med eigen hudkrem, ein ukomfortabel professor og masse kjendisar. Slagkraft, venleik og kunnskap er kapital i sosiale medium.

Isabelle Ringnes har mange følgjarar i sosiale medium, men dyrkar ikkje rolla som påverkar.
Publisert Sist oppdatert

­– Er dette rommet i Noreg med mest makt, eller?

Ei kvinne i lang, figurnær kjole med tallause raude paljettar ser utover festsalen på Radisson Blu Plaza Hotel, der personar som finst på eit sosialt medium nær deg, har funne plassen sin kring runde bord med kvite dukar og tapas på små tallerkar.

– Nei, det er Stortinget, svarer den dresskledde makkeren hennar.

– Regjeringa og sånn, dei har nok meir makt.

– Rommet med mest makt på SnapChat! roper ho smilande.

– Det er det, og det skal de ha! De har jækla mykje makt, folkens! Deiliiig! roper han, og haustar applaus frå publikum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement