Kommentar
Misnøyeveljarane hadde rett
I norsk politikk har dei blitt omtalte som eit problem som må forklarast bort, ikkje forståast. I media blir dei ofte behandla som perifere, ja, til dels som avvikande.
Det er lenge sidan utskjellinga av Frp som framandfiendtleg framstod som rasjonell. Frp har enno eit sterkt sakseigarskap til innvandring, ikkje minst fordi dei så lenge blei stempla som avvikarar, demagogar og rasistar, medan mange veljarar såg at dei formidla noko dei kjende seg att i, skriv Skjalg Fjellheim. Her Carl I. Hagen mellom to politimenn med plastskjold til vern mot egg.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
I ein nyleg episode av den tidlegare Ap-strategen (og kanskje også noverande) Jan Erik Larsens podkast «Politikk uten portefølje», måtte valforskaren og nordlendingen Johannes Bergh, ikkje overraskande, minne hovudstadsanalytikarane om kven desse misnøyeveljarane faktisk er. I denne episoden av podkasten blei desse veljarane, som så ofte elles i ålmenta, knytte til dei to partia Senterpartiet og Framstegspartiet, og særleg til overgangen mellom dei to partia i valet hausten 2025.
Det førte til at Johannes Bergh korrigerte skildringa av desse veljarane som særskilt misnøgde personar. Dei er slett ikkje alltid misnøgde med status quo, påpeikte Bergh; tvert imot forsvarar dei ein sterk velferdsstat, dei er yrkesaktive og nasjonalt orienterte, dei høyrer til middelklassen, dei bur ikkje i dei aller største byane, og dei jobbar i privat sektor. Dei er med andre ord typiske nærveljarar, som for nokon tiår tilbake nesten utan unntak stemte Arbeidarpartiet.
Det leier oss over på at denne veljargruppa også er knytt til ein av dei store konfliktane i norsk politikk dei siste tiåra, nemleg innvandring. Det viser seg no at desse «misnøyeveljarane», som er så berykta (og forakta), har hatt heilt rett i svært mykje. At Noreg treng arbeidsinnvandring for å løyse underskot på arbeidskraft, har det vore lite usemje om.
Uroa til misnøyeveljarane har vore knytt til framtida for velferdssamfunnet, på grunn av dei innvandrargruppene som ikkje kjem i arbeid. Sjølv ikkje når åtvaringane om fråvær av integrering har kome frå bakkeplanet i Oslos austlege bydelar – ikkje minst om aukande ungdomskriminalitet som ein konsekvens, som til dømes frå Jan Bøhler – har det blitt tatt på alvor. Og kven hugsar ikkje korleis det gjekk med professor Ottar Brox alt på 1990-talet – han fekk det ikkje lett då han byrja å seie det heilt opplagde, at for høg innvandring skaper ein ny underklasse, ei sikker oppskrift på aukande og samfunnsnedbrytande skilnader.
Fleire saker syner at integreringa av innvandrarar i Noreg ikkje fungerer godt nok. Til dømes har tala på innvilga familieløyve for tredjelandsborgarar utanfor EU/EØS vore stabilt høge dei siste ti åra, utan at krava til å kunne forsørgje familiemedlemmer i Noreg har blitt auka nok. Mange har peika på dei sosiale problema dette kan medføre.
Sjølvsagt vil nokre av desse få arbeid og bidra til det norske fellesskapet, med sårt tiltrengd arbeidskraft i ei tid med demografiske endringar og ei aldrande norsk befolkning. Men systemet er innretta slik at den rause norske velferdsstaten, stat og kommunar, vil bli nøydde til å ta eit økonomisk ansvar for dei mange som blir ståande utanfor arbeidslivet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.