Klima

Klimaeksperiment i det blå

Fleire bønder var skeptiske, men det var forbrukarane som sette foten ned for det metanhemmande stoffet Bovaer til mjølkekyr.

Rundt 3500 norske kyr har testa det metanhemmande fôrtilsetjingsstoffet Bovaer.
Publisert Sist oppdatert

Førre veke vart det sendt ut pressemelding om at meierisamvirket Tine stoppar bruk av mjølk frå kyr som er fôra med det metanhemmande stoffet Bovaer.

Det kunne sjå ut som ein repetisjon frå november i fjor, då Tine-avdelinga som har fått namnet Norsk melkeråvare, melde at dei stoppa bruken av dette fôrmiddelet på norske gardar. Men medan stoppen i november var mellombels og i påvente av meir kunnskap om kva som hadde forårsaka sjukdom hjå danske kyr som hadde fått Bovaer, er det skeptiske forbrukarar som no har tvinga Tine til å love full retrett.

– Vi ser at det har vore diskusjon og skepsis hjå enkelte forbrukarar og frå bønder over tid, og at dette har auka etter at bruken vart sett på pause i november. Då tilseier all kunnskap og erfaring at vi må ta grep, seier kommunikasjonssjef Sindre Ånonsen i Tine.

– Har de mista mange kundar?

– Det ikkje er snakk om forbrukarflukt, men forbrukarrørsler, og vi veit at om vi står i ein slik situasjon over tid, vil det svekkje tilliten til råvara, seier han.

70 forsøksgardar

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel