Litteratur
Har dokumentert 26 norske bokbål
Frå tidleg på 1900-talet og fram til 2005 har nynorsk- og samnorskmotstandarar ved minst 26 høve laga bål av bøker.
Forfattar Ottar Grepstad har gått til historiske kjelder og skrive om bokbål mot språk her i landet.
Foto: Thomas Winje Øijord / NTB
Den tidlegare leiaren av Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad gjev i desse dagar ut boka Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912–2005. Ifylgje Grepstad har bøker vorte brende i minst 3000 år – og her inkluderer me både skinnrullar, leirtavler og andre medium for skrivekunsten.
I Europa strekkjer bokbåltradisjonen seg i alle fall åtte hundre år bakover i tid, kanskje meir. Og her i landet har Grepstad dokumentert 26 tilfelle der nynorske bøker har gått opp i røyk på open scene i tidsrommet 1912–2005. Den fyrste kjende aksjonen kom i 1912. Sidan brann det jamt og trutt i åra fram mot andre verdskrigen.
På Hamar brende gymnasiastane kladdane til landsmålstilane sine på eksamensdagen 27. mai 1914. I Bergen brende gymnasiastane landsmålsbøkene sine på eit bål ved Permanenten 23. mai 1922. To år seinare «drukna» bergensruss landsmålsbøkene sine i sjøen ved Sukkerhusbryggen på eksamensdagen 27. mai. Endå fjorten år seinare «jordfesta» riksmålsartianarar i Hansastaden lærebøkene sine i landsmål.
Fenomenet
Grepstad definerer fenomenet bokbrenning og føremålet med det slik: «Å brenne bøker er ei rituell eller symbolsk øydelegging av skrifter, som regel utført offentleg, av ideologiske, religiøse, politiske eller moralske grunnar. Ei av dei eldste formene for sensur er å gjere til inkjes bøker ved brann eller på anna vis. (…) Slike øydeleggingar blir utførte av religiøse eller verdslege styresmakter, interessegrupper eller enkeltpersonar. Bokbrenning markerer standpunkt og grenser, men kan også svekkje ein kulturtradisjon, eit skriftspråk eller det kollektive minnet i ein fellesskap.»
Nazisamanlikning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.