Handbok i modernisering
1931: Demokratiske og sterke organisasjonar var med og moderniserte Noreg. Grunnboka for frivillig arbeid var på 87 små sider.
HØGT OG LÅGT. Einar Gerhardsen var statsminister i 17 år og 8 dagar. «Jeg har aldri skrevet mye», sa han i 1972 og skreiv si eiga historie i fem band.
Foto 17.12.1950: Leif Ørnelund / Oslo Museum
Tonen er ikkje til å ta feil av. Medlemene må kjenne sine plikter, og tillitsmennene må vere dyktige og pliktoppfyllande, står det alt på side 5. Å vere med i ei rørsle som arbeidarrørsla var å vere ein del av eit kollektiv der reglane måtte vere like klare som pliktene. Det var det han sette ord på, Einar Gerhardsen (1897–1987), då han i 1931 gav ut Tillitsmannen. Håndbok i praktisk organisasjonsarbeid på Det norske Arbeiderpartis Forlag.
Mest av alt er dette ei handbok for nye tillitsmenn, skreiv forfattaren i forordet, med von om at dette kunne vere ei lærebok for kurs og skular. Første utgåva var delt i fire, men delane var ikkje markerte i innhaldslista. Dei første 25 sidene handla om oppgåvene for ulike styremedlemer, dei neste 20 om agitasjon og meiningsdanning, før 20 sider om arbeidet i ulike delar av arbeidarrørsla. Det heile slutta med 20 sider «Om foredrag». Dette kapittelet er langt frå fullstendig, la Gerhardsen til.
Gjennom skrifter og skulering gjorde arbeidarrørsla medlemene sine til myndige borgarar, slik andre folkerørsler etter kvart også gjorde. Fleire tok ordet og var med i demokratiseringa av Noreg. Prosessen innebar også ei modernisering som dels erstatta, dels supplerte tradisjonar.
Det som har bore oppe slike moderniseringsprosessar, er gjerne økonomisk utvikling, framsteg, opplysning, fornuft og ideen om det frie mennesket. Ulike fellesordningar har kome i staden for eller i tillegg til etablerte strukturar baserte på familie og arv, institusjonelle system har delvis teke over for uformelle system, og i større eller mindre grad har innbyggjarane fått like formelle rettar.
Å byggje opp Noreg som eit organisasjonssamfunn var ein viktig del av denne moderniseringa. Den endringa tok til alt i 1860-åra. Utover på 1900-talet innebar dei mange organisasjonane tydelegare krav til tillitsvalde. Lenge var ingen betre enn Arbeidarpartiet på dette feltet. Det tok tid før alle forstod kor viktig det var, det sosialdemokratane hadde fått til.
I nokre år hadde Framstegspartiet hovudkontoret sitt i Arbeidarparti-bygningen på Youngstorget. Partiet som hadde teke til i sterk individualisme, arbeidde systematisk med skulering og profesjonalisering på ein måte som berre Arbeidarpartiet hadde gjort endå betre ein gong i tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.