Han skildra krigen frå skipsdekket

Med utgivinga av matros Trosners dagbøker frå 1710–1714 er eit mysterium blitt løyst og eit unikt dokument gjort tilgjengeleg for ålmenta.

Publisert

Det er ein nasjonalskatt, eit verk nesten utan sidestykke som no ligg føre i to bind frå Fagbokforlaget. Åleineperspektivet gjer dagboka spesiell; det er ein matros, ikkje ein admiral, som skildrar sjøkrig og landlege, daglegliv og kultur frå tidleg 1700-tal. Og i margen på sidene har han laga teikningar, mange av dei fargelagde.

Han som skreiv dette under siste del av Store nordiske krig (1709–1720), kan ikkje ha vore vanleg kanonføde. Skrivaren kjenner meir enn morsmålet, og hentar ord og uttrykk frå latin og andre språk. Han gjorde teneste i den dansk-norske fellesflåten på same tid som Peter Wessel Tordenskiold, og kriga som han mot svenskane. Men matros Trosner stod ikkje om bord på orlogsskipet til «kaptajn Wessel», fregatten «Løvendahls Galei».

Denne Trosner som gjorde teneste på fleire fregattar, men lengst på «Høyenhald»; kven var han?

Slår du opp i norske leksikon, eller sjekkar du bloggen «Dokumentene forteller» på heimesida til Riksarkivet, fortel alle at han heitte Niels Danielsen Trosner. No meiner dei to entusiastane som etter ti års arbeid har fått gitt ut dagbøkene, å ha funne prov for at det var bror hans, Daniel Danielsen Trosner, som skreiv og teikna. Det måtte ein dansk overarkivar, Hans Christian Bjerg, og ein norsk kommandørkaptein og forskar, Tor Jørgen Melien, til for å løyse gåta. Dei ser dagboka som «en helt enestående kilde til både kultur-, språk- og marinehistorie i Norge og Danmark». Teksten har dei omsett til moderne dansk for å gjere han forståeleg for folk flest og samstundes ikkje fjerne han altfor mykje frå originalen.

Daniel Danielsen Trosner (1689–1741) kom frå øya Vestre Bokn i Boknafjorden nord for Stavanger. I København dukka 20-åringen opp i slutten av oktober 1709, og dagboka – i A5-format – byrjar 3. april året etter. Men dei første sidene manglar, i alt er 160 av dei bortimot 900 sidene borte. Nedteikningane sluttar så brått 11. januar 1714 at det er grunn til å tru at fleire sider manglar.

Kjeldekritisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement