Minneord

Han gjorde Noreg rikare

I løpet av mindre enn eit halvt år har landet vårt mist tre av dei mest markante forfattarane sine: Dag Solstad, Ingvar Ambjørnsen og no Tor Åge Bringsværd. Det vil vi merke.

Tor Åge Bringsværd (1939–2025).
Publisert

Tapet av Tor Åge Bringsværd gjer Noreg fattigare. Med han miste vi vår merkelegaste, mest fantasirike og mest mangfaldige forfattar. Knapt nokon veit kor mange bøker han har skrive, eller vore med å skrive, men om lag 350 kan det vere. Og den sjangeren og den målgruppa er enno ikkje oppfunnen som ikkje denne forfattaren har skrive i og dikta for.

Produktiv og idérik var han til det siste. Forlaget melder at romanen eller fabelen eller kjærleikshistoria Magnoliadamen vil nå lesarane om kort tid. Neste år kjem to nye barnebøker som avsluttar den enormt populære serien om Karsten og Petra. Typisk for Bringsværd var at han ikkje kjende seg sperra inne av sjangergrenser; fritt og leikent kopla han det han trong for å få sagt det han ville.

 

På sitt vis var han ein opprørar, ein stille anarkist, ein vennleg mann som såg og peikte på både det merkverdige og det urimelege i samfunnet og i tilværet. Og han sette ord på det, pakka det inn i underfundige historier som aldri var aggressive eller vondsinna, men som synte kva for ein ekte humanist og makelaus fabulator han var. Kvar han henta alt ifrå, visste han vel knapt sjølv. Men det stadig like levande barnet i han er vel ein del av forklaringa.

Saman med Jon Bing opna Tor Åge Bringsværd ei heilt ny verd for dei fleste lesande nordmenn. Science fiction – eller fabelprosa, som dei helst kalla det – hadde knapt nokon nemnande posisjon her i landet då dei to så å seie introduserte denne sjangeren, både gjennom eigne bøker og TV-seriar og ved å presentere utanlandske klassikarar. Duoen Bing & Bringsværd blei eit litterært fenomen vi ikkje har sett maken til i Noreg.

Åleine henta Bringsværd dessutan inn ei historisk og kulturhistorisk verd gjennom bøkene han skreiv om mytologi og religion, eventyr og folketru.

 

Det fanst ikkje grenser for kva som opptok denne forfattaren, kva han kunne finne på å undre seg over, og kva han så delte med lesarar i alle aldrar. For han var ikkje ein som berre funderte, han søkte også svar på det som romsterte i hovudet. Som regel fann han svar, til glede for både seg sjølv og oss andre – og svara formidla han på alltid like lettfattelege og forståelege vis. Slik synte han seg som ein formidlar av rang og ein forfattar som like naturleg kunne gå inn i skulebøkene som i litteraturhistoria. Og for han var born og unge like viktige – og kloke – lesarar som vaksne. Han snakka deira språk, han forstod dei – og dei elska han.

Med den enorme litterære produksjonen sin er Tor Åge Bringsværd lett å undervurdere. Men kvalitet pregar det meste han skreiv. Tre gonger var han nominert til Nordisk råds litteraturpris, han har motteke både Kritikarprisen, Brages heiderspris, Norsk kulturråds ærespris og tallause andre prisar. Men truleg sette han Ole Brumm-prisen og Nøffs ærespris like høgt!

Takk, Tor Åge Bringsværd. Du talte til svært mange av oss i eit språk vi alle kunne forstå. Og du synte oss at god litteratur treng ikkje vere dyster, djupt alvorleg og humørlaus.