Halv million vandra over Christos bruer
Idyllen vart skipla då 70.000 personar ville gå over dei gylne bruene i Nord-Italia førre måndag.
adfsdafasdf asdasdfasdf asdfasdfasdf
Det var altfor mange, og borgarmeisteren på den vesle øya Monte Isola måte be om at bruene vart stengde kvar natt, slik at ein kan få gjennomført naudsynt vedlikehald ute i øyriket. Det har dessutan vorte hevda at byggverket har vorte raskare nedslite enn det ein rekna med.
Det dreiar seg om det siste prosjektet til kunstnaren Christo, og det er kalla «The Floating Piers».
– For første gong kan folk gå på vatnet, har Christo uttalt.
tre kilometer
Det er snakk om tre kilometer med bruer som er dekt av gul?oransje stoff som skiftar farge med dagslyset og fuktigheita – frå gult til raudt. Bruene er laga av 220.000 flytande polyetylen-einingar. Dei strekkjer seg ut over Iseo-sjøen i den nordlege delen av Italia. Der knyter bruene dei to små øyane Monte Isola og San Paolo med om lag to tusen innbyggjarar saman med den vesle landsbyen Sulzano på fastlandet.
Den som vil prøva bruene, må skunda seg, for dei er berre opne i seksten dagar – fram til 3. juli. Då skal bruene takast ned og resirkulerast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.