Gulrot
Kvifor gule røter er oransje og fundamentalisme sjeldan særleg sunt.
Blabla
Gladnyheit: Det er framleis norske gulrøter i så å seie alle butikkar! Ikkje heilt så kult er det at eg brukar eit av dei tre utropsteikna eg har tilgjengeleg i min karriere på det, men ganske fint likevel, med tanke på at dei kom opp av jorda for fem månader sidan.
Historia om den moderne gulrota byrjar, som så mange andre historier, i Sentral-Asia ein stad for over 1000 år sidan. Då voks gulrota vilt, var monaleg mykje mindre enn i dag – og i heilt andre fargar: Dei var kvite, gule og lilla. Oransje gulrøter er ei europeisk nyvinning, som mest truleg dukka opp ein gong på 1500-talet. Men kvifor er gulrøter oransje?
Det er faktisk rarare enn det i utgangspunktet høyrest ut som. Den oransje fargen er karotenoid – særleg alfa- og beta-karoten. Vi menneske brukar karotenoid til å setje saman A-vitamin i kroppane våre, men plantene brukar dei til å fange lys: Dei er ein del av fotosyntesen. Og difor har dei eigentleg ingen funksjon i sjølve gulrota – som bur under jorda, og skal lagre, ikkje fange energi.
Ferdig kartlagt rot
Kring 400 år etter den oransje gulrota såg dagens lys, har ho fått kartlagt heile genomet sitt. I det genomet har forskarar mellom anna isolert to gen som skil kvite frå oransje gulrøter (for særleg interesserte har gena fått namna Y og DCAR–032551), og begge to er recessive. Gulrota treng altså to av begge gen for å verte oransje.
Med andre ord må det ein eller annan stad ha vore ein eller annan som verkeleg har villa ha oransje gulrøter – og det har det vore: Kven er det mest oransje folkeslaget i Europa? Jau, sjølvsagt, nederlendarane. Den populære oppfatninga er at nederlandske gulrotbønder skal ha dyrka oransje gulrøter som ein hyllest til deira frigjeringshelt Willem van Oranje – opphavet til dagens nederlandske kongeslekt. Denne historiske hyllesta lever godt på folkemunne og som identitetsskapar, men er ikkje historisk dokumentert. Det er det derimot at oransje gulrøter vart sett ned på i historiske fasar der van Oranje-slekta ikkje stod så sterkt.
Som vi var inne på, kunne verre ting ha skjedd enn at gulrota fann sin botnfarge: Dei oransje gulrøtene gav oss, og gjev oss framleis, ei ekstra A-vitamininnsprøyting. A-vitamin verkar på syn, hud, vekst og immunsystem, så her er det berre å knaske rå gulrot så mykje ein kan – sidan vitamin gjer seg best i si opphavlege form. Eller?
Ikkje ein allmenn regel
Det breier seg ei «raw food»-rørsle utover landet som ynskjer å fortelje oss at alt er betre og meir næringsrikt i si opphavlege form. Knekkebrød bør tørkast, ikkje steikjast, korn spirast, ikkje kokast, mjølk syrnast, ikkje pasteuriserast, og grønsaker etast slik dei er. Den teorien kan ha noko føre seg ved enkelte høve. C-vitamin bør til dømes ikkje varmast opp for mykje, men det bør ikkje allmenngjerast: Det er meir tilgjengeleg A-vitamin og meir kalsium, jern og fosfor i ei kokt gulrot enn i ei rå. Årsaka er rett og slett at mange næringsstoff er for hardt bundne saman til at fordøyingssystemet vårt klarar å rive dei frå kvarandre aleine: Systemet treng hjelp av ei lita forkoking.
Om du vel å trene tennene på å ete gulrota rå, er det sjølvsagt ingen som skal kritisere deg for det heller. Gulrota har noko godt å kome med i alle variantar. No har til og med dei gule, lilla og kvite gamlingane funne vegen attende til butikkane – for dei som føretrekkjer å ikkje støtte den nederlandske kongefamilien eller berre vil ha litt variasjon i gulrotfamilien.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det breier seg ei
«raw food»-rørsle
utover landet som
ynskjer å fortelje oss
at alt er betre og meir
næringsrikt i si
opphavlege form.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.