JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Gud spelar ikkje terning

NRK har vedteke å byrja med terningkast for å syna lesarane kva meldarane deira synest om romanar, kunstutstillingar og teateroppsetjingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7930
20230707
7930
20230707

NRK-meldarane sjølve protesterer mot terningkasta. Dei oppfattar det som knefall for kommersialiseringa av kulturfeltet. Det er ein kritikk som prosjektleiaren for meldingar i NRK, Rune Håkonsen, «tar på ytterste alvor», seier han til Journalisten 19. juni, men det kan ikkje vera alvorleg meint.

For gjeld det «ytterste alvor» i denne saka, måtte han vel ha gjeve kritikarane rett. Men saka er alt avgjord, terningkasta kjem. Frå hausten av treng du ikkje lenger lesa bokomtalene på nrk.no for å vita kva bøker som er leseverdige og ikkje, du kan berre få med deg terningkastet før du surfar vidare.

Subjektiviteten

Terningkast som systematisk verkemiddel i kulturjournalistikken vart i Noreg innført av den fyrste norske tabloidavisa, Verdens Gang, i 1981. Frå då av har terningkast i vurdering av kunst og litteratur vore oppfatta som reint marknadsretta, ikkje minst fordi kjapt kommuniserande seksarar og femmarar er perfekte i til dømes i forlagsannonsane.

Terningen har vorte eit teikn på suksess for den seriøse kunsten, samstundes som alle veit kor vilkårleg og subjektivt terningkastet er.

Alle veit at viktig litteratur kan vera kultbøker for nokre og uleseleg for andre, at storarta prestasjonar kan vera fulle av «feil», og at god kunst har mange nivå og lag. Skulle terningkasta gje meining, måtte ein gje karakter for alle desse laga.

Eitt og same verk måtte få seks–sju ulike terningkast, eitt for innhald, eit anna for stil og så bortetter. Sidan dette ikkje går, må meldaren gjerne velja kastet ut ifrå kjenslene sine for verket. Terningkastet kan dimed vitna meir om meldaren enn om verket.

Det er lett å finna døme på dette spriket frå topp til botn også i meldingar utan terningkast, men med terningkasta vert meldarens subjektivitet sett på spissen.

«Gud spelar ikkje terning», skreiv Albert Einstein i eit brev til Max Born i 1926, som ein kritikk av relativitetsteorien, der han tilfellet vart opphøgd til skaparprinsipp. Med terningkastet rykkjer det tilfeldige sterkare inn i kunstformidlinga, fordi eindimensjonal vurdering appellerer til kjenslene og subjektiviteten til meldaren og lett vert ei oppmoding om å tenkja og skriva forenkla.

Børs og katedral

Det ligg i sjølve terningkastet som journalistisk verkemiddel at lesaren raskt, berre med eit blikk, skal oppfatta om ei bok, eit teaterstykke eller ei utstilling er verde å sjå nærare på. Inntrykket skal framstå som noko objektivt, sikkert og ukomplisert. Teksta som følgjer terningkastet, lyt difor ikkje vera for lang, ikkje vanskeleg å lesa, ikkje tvitydig eller mangesidig. Slik trekkjer terningkastet heile kulturjournalistikken i overflatisk lei.

Bakanfor dette ligg trongen til å verta lesen av mange, få opplagsauke og mange «klikk», som det heiter i dag. Slik overflatisk suksess er på sin plass på sitt felt, nett som overflatisk underhaldning og lettare lesestoff har sin plass i kulturen.

I forlagsverda kalla ein dette «børs og katedral», etter eit uttrykk frå Gyldendal-direktøren Harald Grieg. Men med dette uttrykket meinte ein ikkje at alle bøkene skulle vera like salbare og like litterært viktige. Tvert om meinte ein at det økonomiske overskotet frå dei salbare produkta skulle nyttast til å gje ut smalare litteratur. Den kommersielle litteraturen, som òg kunne ha høg kvalitet, skulle rydda plass for den litteraturen som kunne vera endå viktigare, men som hadde eit mindre publikum.

Om ein misser denne balansen mellom kunst med breitt nedslag og kunst av smalare slag, risikerer ein at pengar, kjendiseri, underhaldning tek heile plassen. Dei smale kunstuttrykka, men også kunst- og litteraturformidling som krev noko av lesaren, kan verta utkonkurrerte av dei kjappe og lett fordøyelege uttrykka.

Historisk og på lang sikt er det den vanskelege og krevjande kulturverksemda som har mest å seia for oss. Det er dei høgaste og ofte vanskeleg tilgjengelege nivåa av vitskap og litteratur, filosofi, musikk og religion som legg grunnlaget for eit ordna samfunn, meining og motiv i dagleglivet, medkjensle og sjølvoppofring mellom menneska.

Det er òg ofte dei kompliserte og til dels elitistiske kulturuttrykka, som kanskje berre få verkeleg skjønar seg på, som med tida vert populariserte og omsette til meir folkelege uttrykk.

Danningsprosjektet

Det er såleis katedralen som er fundamentet i samfunnet og livet, børsen er overbygningen. Denne innsikta ligg til grunn for alt kulturarbeid som satsar på kvalitet. Ho ligg òg til grunn for sjølve eksistensen av ein institusjon som NRK.

NRK var tenkt som ein nasjonal danningsinstitusjon med formidling til heile folket av den kulturen som hadde vore for nokre få. Kringkastingssjefen frå 1972 til 1981, Torolf Elster, skreiv i boka Hverdag og grend (1956) at radioen utretta eit mirakel ved å gje til alle «musikk og teater, foredrag og undervisning» som før berre nådde fram til nokre få.

NRK har stadig ei særstilling i norsk kulturliv. Det er den største mediebedrifta i landet med over tre tusen tilsette, lokalkontor og sendingar frå heile landet. Særstillinga gjeld særleg finansieringa. Sjølv om også NRK må ha folkeleg appell og vera til nytte for alle lag av folket, kan denne kringkastaren i større grad enn andre mediebedrifter satsa på seriøsitet.

Det er jo ikkje slik at kvalitet krev at kunstuttrykka og kunstformidlinga er vanskeleg tilgjengelege. Også det lett forståelege kan ha høg kvalitet. Men å flagga verksemda si som useriøs, slik ein gjer med karaktersetjing gjennom terningkast, strir mot samfunnsoppdraget til NRK.

Einaren

Terningkastet gjev ein så forenkla dom at ein seriøs kritikar får problem. Det eine kastet og talet kan umogeleg dekkja eit mangesidig kunstverk, så kva spørsmål svarar meldaren eigenleg på med terningkastet? Er det lesarens spørsmål om kunstverket er bryet verdt? Eller er det meldaren som skal verdsetja verket, men altså ikkje på premissane til verket som ikkje lèt seg underkasta den forenkla vurderinga? På kva for premissar då?

Medievitaren Kari Bu skriv i ei avhandling at ein ofte kan sjå terningkastet ut ifrå kjensletemperaturen hos meldaren, og at det difor er «fristende å si at terningkastet er mest representativt for en følelse hos anmelderen».

Terningkastet forsterkar dimed det subjektive elementet som alltid spelar ei viktig rolle i melding av kunst og litteratur, samstundes som terningkastet med det visuelle og kontante, eindimensjonale talet frå 1 til 6 under hand gjer krav på meir objektivitet enn meldaren kan stå inne for.

Sprikjande kritikk høyrer kunstuttrykka til, men terningen skjerpar spriket. Nett fordi terningen vert kasta etter meldarens engasjement, vil topp og botn kunne vera eitt og det same. Dei to tala som gjev uttrykk for sterkast engasjement hos meldaren, 1 og 6, kan råka det same kunstuttrykket, fordi begeistring og forarging lett oppstår av den same boka, teaterstykket eller musikkverket, alt etter korleis kjenslene og preferansane til meldaren er innretta.

Sjølv trur eg at dei einaste kasta eg aldri har fått som forfattar, er 2 og 3. Eg kan skilta med to einarar, begge i Verdens Gang, den eine for romanen Himmelen vet ingenting i 1989 og den andre for essaysamlinga Natt til dommedag i 1991. Her fekk eg 1 for aggresjonen mot forfattarkollegaene mine og forakta for materialismen, som meldaren uttrykte det.

Men lagnaden ville at den same boka same hausten fekk Riksmålsprisen med ei juryutsegn som minst svara til 6, og det hadde sikkert ikkje skadd saka mi at juryen såg på syttitalslitteraturen og materialismen med mine augo. På prikken det same som hos meldaren i Verdens Gang sende boka mi til helvete, sende boka til himmels hos andre litteraturkritikarar som såg verda annleis. I terningkastverda er topp og botn det same.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis