– Gjer Noreg til kulturnasjon!

Latinmisjonærane Vibeke Roggen og Hilde Sejersted vil ikkje berre lære oss romersk kultur og historie og nokre latinske gloser; no vil dei vi skal tileigne oss det utdøydde språket òg.

Hilde Sejersted og Vibeke Roggen slår eit slag for latinen.
Hilde Sejersted og Vibeke Roggen slår eit slag for latinen.
Publisert

I den ferske boka Litt latin, som mange vil hevde inneheld mykje latin, har dei to forfattarane prøvd å kombinere historie og kultur med tjue leksjonar i latinsk språk og grammatikk. «Gjer Noreg til ein kulturnasjon», kallar dei prosjektet sitt. Målet er at noko av entusiasmen deira skal smitte over på meinigmann, det vil seie «dei heilt meinige».

– Dei som følgjer bokas latinopplæring fullt ut, kva nytte kan dei ha av denne kunnskapen?

– Ei større forståing av kva latin er som språk. Dei lærer å skjøne grammatiske omgrep, og dei lærer tydinga av latinske ord dei møter i engelsk og norsk.

Å omtale latin som utdøydd gjer du ikkje risikofritt til Roggen og Sejersted. Slik dei ser saka, lever latinen framleis – 1500 år etter at Romarriket fall. Roggen, som er førsteamanuensis i latin ved Universitetet i Oslo, fortel at ho for ei tid sidan deltok på ein internasjonal konferanse der alle føredraga, alle debattane og all samtale gjekk på latin. Og for Sejersted, pensjonert lektor frå Oslo katedralskole, populært kalla Katta, er dette språket og kulturen stadig like levande.

– Vi blir fattigare utan dei klassiske referansane. Eit lite språksamfunn som Noreg er ille ute om vi misser denne kunnskapen. Boka vår er meint som ein aperitiff, ei oppmuntring til å gå vidare inn i dette feltet, seier dei to forfattarane.

Dei er samde om at det ikkje finst noko anna «utdøydd» språk som likevel er så levande som latin. Som ein god nummer to kjem klassisk gresk. Det mange av oss ikkje veit, er at latinen finst i norsk ikkje berre som framandord, men også i «heilnorske» ord som til dømes sekk og kjellar, som kom inn som lånord alt før folkevandringstida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement