Gigantsuksess med oldingsoge
Så langt er det selt om lag ti millionar eksemplar av Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant.
Jonas Jonasson kjem med boka om 101-åringen som tenkte for mykje.
Foto: A. Savin, Wikimedia Commons Foto:
Kultur
ottar@dagogtid.no
Den svenske forfattaren Jonas Jonasson har all grunn til å smila. Han gav ut suksessromanen om hundreåringen i Sverige i 2009, og sidan har boka kome ut i 45 land. I tillegg har han skrive Analfabeten som kunde räkna og Mördar-Anders och hans vänner, og dei to er selde i til saman fem millionar eksemplar, fortel Hufvudstadsbladet.
I slutten av august kjem Jonas Jonasson med framhaldet av historia om den hundre år gamle Allan Karlsson, og romanen har fått tittelen Hundraettåringen som tänkte att han tänkte for mycket.
– Førehandsinteressa for bok nummer fire tyder på minst fire millionar eksemplar til. Nesten fem millionar eksemplar i snitt per bok er det ikkje så mange i Sverige som klarar, seier Jonasson til den finlandssvenske avisa.
I Tyskland reknar han med å kunna selja ein million hundre-
ogeittåringar, men han er også populær i den engelskspråklege verda og i andre store land som Sør-Korea, Frankrike, Spania og Italia.
I den nye romanen sit Allan Karlsson på Bali og tel ned til sin hundreogførste fødselsdag. Han har det like keisamt som den gongen han klatra ut gjennom vindauget på gamleheimen og forsvann. Men venen Julius bestemmer seg for å gje Allan ein luftballongtur over øya på fødselsdagen. Venen tek med nokre flasker champagne, og Allan doblar, i tilfelle det skulle verta vindstille der oppe. Men vinden blæs feil, og dei krasjlandar i Indiahavet, der dei vert berga av eit nordkoreansk lasteskip. I boka får lesarane vera med på ei reise gjennom verdas galskap, og undervegs stikk gamlingen kjeppar i hjula for både Kim Jong-un, Donald Trump, Vladimir Putin, Angela Merkel og ein svensk utanriksminister.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kultur
ottar@dagogtid.no
Den svenske forfattaren Jonas Jonasson har all grunn til å smila. Han gav ut suksessromanen om hundreåringen i Sverige i 2009, og sidan har boka kome ut i 45 land. I tillegg har han skrive Analfabeten som kunde räkna og Mördar-Anders och hans vänner, og dei to er selde i til saman fem millionar eksemplar, fortel Hufvudstadsbladet.
I slutten av august kjem Jonas Jonasson med framhaldet av historia om den hundre år gamle Allan Karlsson, og romanen har fått tittelen Hundraettåringen som tänkte att han tänkte for mycket.
– Førehandsinteressa for bok nummer fire tyder på minst fire millionar eksemplar til. Nesten fem millionar eksemplar i snitt per bok er det ikkje så mange i Sverige som klarar, seier Jonasson til den finlandssvenske avisa.
I Tyskland reknar han med å kunna selja ein million hundre-
ogeittåringar, men han er også populær i den engelskspråklege verda og i andre store land som Sør-Korea, Frankrike, Spania og Italia.
I den nye romanen sit Allan Karlsson på Bali og tel ned til sin hundreogførste fødselsdag. Han har det like keisamt som den gongen han klatra ut gjennom vindauget på gamleheimen og forsvann. Men venen Julius bestemmer seg for å gje Allan ein luftballongtur over øya på fødselsdagen. Venen tek med nokre flasker champagne, og Allan doblar, i tilfelle det skulle verta vindstille der oppe. Men vinden blæs feil, og dei krasjlandar i Indiahavet, der dei vert berga av eit nordkoreansk lasteskip. I boka får lesarane vera med på ei reise gjennom verdas galskap, og undervegs stikk gamlingen kjeppar i hjula for både Kim Jong-un, Donald Trump, Vladimir Putin, Angela Merkel og ein svensk utanriksminister.
Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»