Gåte og elegi
Saken med den tapte tidens innfall er Rune Christiansens fjerde roman på rad med ei kvinne som hovudperson. Men det betyr ikkje at han har gjort kvinnepsykologi til sitt domene.
Rune Christiansen skriv så å seie alltid sjølvbiografisk – utan at det blir sjølvbiografisk.
Foto: Baard Henriksen
Når skrivinga tek til, veit Rune Christiansen ofte ikkje sjølv kva kjønn hovudpersonen skal ha. I dette tilfellet skreiv han opningskapittelet først med ein mannleg hovudperson, men merka raskt at det var feil. Då han skifta til ei kvinne, fall mykje på plass.
– Kanskje skaffa skiftet meg også litt avstand, for eg skriv alltid tett på eige liv. Men det ligg ikkje noko prosjekt i å velje kvinneleg hovudperson. Det berre blir som det blir.
– I arbeidet med ein roman tenkjer eg ikkje psykologi eller å få ein karakter til å «gå opp» i eit planlagt psykologisk skjema. Har du levd ei stund, har du gjerne skaffa deg god kjennskap til det andre kjønn. Eg er ikkje ute etter å forklare eller analysere kvinna; då blir det lett pamflettaktig eller programlitteratur.
Handlinga i Saken med den tapte tidens innfall, som blir lansert i dag, 6. august, utspeler seg i løpet av ei juniveke på ei norsk øy, som ifølgje forfattaren har henta mykje inspirasjon frå svenske Marstrand. Så har han lagt til klippekyst og litt Hebridane. Til denne øya reiser skodespelaren Norma (36) kort tid etter at ho først har mist mor si og så er blitt forlaten av ektemannen. På øya bur far hennar, som ho ikkje har hatt så mykje kontakt med etter at foreldra skilde seg ti år tidlegare.
Norma er ei kvinne i krise, ei kvinne som ser ut til å vere i ferd med å miste fotfeste. Det forklarar også det litt desperate ved henne. Ho oppsøkjer faren for å prøve å forstå visse samanhengar og få nokre bitar til å falle på plass. Men han har òg løyndommar.
– Ideen oppstod etter at eg hadde lese ein Agatha Christie-biografi. Ho var sterkt knytt til mor si, og like etter moras død forlét ektemannen henne. Kva gjer det med eit menneske? Det var då Agatha Christie arrangerte det forsvinningsnummeret som framleis er eit mysterium. Samstundes har dette ekko i mi eiga historie, knytt til brå dødsfall i mellom anna nær familie. Dette ble ein inngang til romanen, men det stod klart for meg at eg ikkje skulle tematisere det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.