Frank H. Aarebrot (1947–2017)

Publisert

Han formidla gleda ved kunnskap, med humor og vidd. Han var studentglad og rotete, innfallsrik og perspektivfylt, usnobbete og nyfiken – men mista aldri ein avtale. Og det er ikkje sant at dei fann ein sykkel under papirhaugane då dei rydda kontoret hans.

Ein folkedaningas mann par excellence er død. Det er ikkje til å unngå at desse minneorda vert personlege.

Eg trefte Frank Aarebrot i september 1969 på Yale. Han kom som professor Stein Rokkans assistent, eg som Fulbright-stipendiat på statsvitskap. Vi heldt oss saman, vi utlendingar, med berre nokre få «token Americans». Eg er den einaste som tvang Frank til å symja. Alt i 1969 var eg redd for helsa hans. Men han vart så våt, klaga han.

Det skulle bli eit gnistrande år med lange vakenetter på computersenteret – dertil omfangsrike lunsjar med internasjonale vener på Saybrook College. Og Rokkans kurs i stats- og nasjonsbygging. Nixon hadde nett vunne valet. Mykje å forstå. Ei stemning ikkje ulik kva vi ser no.

At Stein Rokkan og Frank kom til Yale det året, endra livet mitt. Eg skjøna at samanliknande perspektiv på statar, nasjonar og folkerørsler gav varige innsikter ut over augneblinken, og utgjorde ein systematisk disiplin med røter attende til Aristoteles’ Politikk. Statsvitskap som «arkitektonisk disiplin» med innsikter om oppbygging av legitime institusjonar med historie som grunndisiplin. Hos den gamle grekaren låg satsplanken. Der las vi om samanhengen mellom styreformer – oligarki, aristokrati og demokrati – og klassetilhøve.

På Yale følgde vi førelesingane med Rokkan og Juan Linz, der Linz tok oss med til valmønstera i Weimar-republikken gate for gate, og Rokkan kasta seg ut i vedunderlege makrohistoriske oversikt som lyfte blikket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement