Historie
Norske jødar og frigjeringa 1945
Hundrevis av norske jøder flykta til Sverige i 1942 og 1943. Våren 1945 hadde dei mange norske jødane framleis eit håp om at familie og vener no ville kome heim.
Meir enn tretti fangar frå «Berg Interneringsleir» avbilda saman med ein svensk soldat etter at dei kryssa grensa ved Kornsjø 2. mai 1945. Dei jødiske fangane vart lauslatne som ein del av Bernadotte-aksjonen.
Alle foto: Jødisk Museum i Oslo
Tidleg i november 1942 flykta den 43 år gamle handelsmannen Marcus Levin frå Oslo til Sverige. Seinare same månaden flykta kona hans Rosa, sonen Leif Arild på sju og dottera Irene på tre. Marcus Levin hadde vore aktiv i Jødisk Hjelpeforening heime i Oslo. Det var ein av dei viktigaste institusjonane for jødar som hadde flykta frå Tyskland, Austerrike og Tsjekkoslovakia til Noreg før andre verdskrigen. Etter flukta kasta Levin seg inn i hjelpearbeid på fulltid, med base hjå den jødiske forsamlinga i Stockholm.
Den fyrste oppgåva var å få ei oversikt over alle dei som hadde vorte deporterte frå Noreg. Han laga eit spørjeskjema som vart sendt til alle jødar som hadde kryssa grensa. Der kunne dei forklare kva dei visste om dei som var sende ut av landet. I hans eigen familie hadde søskena Sigurd, Leonard og Lea Steinfeld vorte deporterte.
Brev frå fangar
Utover våren 1943 viste det seg at fleire jødar – gjennom vener heime i Noreg – hadde fått brev frå familie og slektningar som hadde vorte deporterte ut av landet. Dei fleste breva var frå leirane Monowitz og Birkenau. Breva var på tysk, som regel med ein kort tekst om at brevskrivaren hadde det bra, og med helsing til familie og vener. Marcus Levin laga lister over dei fangane som skreiv slike brev, og kva for leir dei var komne til. Lite visste han om desse leirane. Og snart stoppa breva opp.
Brevsendingane var ein del av det SS omtala som «brevaksjonen» – eit forsøk på å få folk til å tru at det var håp, og at meldingane om drap var falske. Men etter våren 1943 kom det færre og færre slike brev.
Sjølvsagt kom det òg generelle nyhende om at jødar og andre sivile var myrda av nazistane. Men det kunne ikkje knytast spesifikt til norske jødar. Då krigen nærma seg slutten, var det difor framleis mange som håpa at dei fleste av dei deporterte enno var i live.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.