JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Frå helgenkonge til mangfaldssymbol

Regjeringa slår på stortromma når tusenårsjubileet for slaget på Stiklestad vert planlagt. Kva er det eigentleg som skal feirast?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Heilag-Olav: konge, martyr og balsamert helgen, her skildra på Olavsantemensalet frå kring år 1300 (utsnitt).

10494
20230526
10494
20230526

Det opplagde svaret er at det har noko med Heilag-Olavs død i slaget på Stiklestad 29. juli 1030 å gjere. Men kva? Korleis kan ein bruke ein helgenkonge frå mellomalderen i vår sekulariserte tid?

Det er sjølvsagt ulike interesser i jubileet. I den katolske kyrkja, som eg høyrer til, er Olav framleis ein helgenkonge i himmelen. Kvar søndag sit eg andsynes relikvien av Olavs leggbein stilt ut på eit sidealtar. Det er flankert med øksar og krone. Men nokon storstilt helgenfest vert nasjonaljubileet neppe.

Det ligg heller ikkje an til å verte ei feiring av kristninga av Noreg. Tidlegare i vår uttrykte mellom andre Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk bekymring for at jubileet vart ei «mangfaldsmarkering» og ikkje eit «kristningsjubileum». Slik må det kanskje bli dersom interessene til regjeringa veg tyngst. Ja, dersom Karpe framleis held koken, veddar eg på at dei vert hovudinnslag på olsok i Trondheim 2030.

For når vi ser tilbake på historia, ser vi nemleg at kampen om Olav som symbol ofte har vorte spela ut mellom tre interesser: kyrkje, kongemakt (stat) og nasjonalkjensle. Nokre gonger er interessene samanfallande, andre gonger ikkje. I dag har kongemakta og kyrkja skilt lag, og nasjonalkjensla vert fort mistenkjeleggjord. Dersom ein vil utfordre korleis jubileet skal riggast i åra fram mot 2030, kan historia om Olav som symbol gje perspektiv.

Helgenkonge

I mellomalderen var det særleg opprettinga av erkebispesetet i Nidaros i 1153 som prega olavskulten. No forma erkebiskop Eystein olavsideologien i tett kontakt med Roma. Her var Olav sjølv eit konkret symbol som heilag lekam i Kristkyrkja i Nidaros.

Helgenkongen uttrykte forholdet mellom kyrkja og nasjonen. For Olav var sjølvsagt meir enn eit lik, han var lysstrålen som skein frå den himmelske gildehallen, slik det vart framsagt i kvadet «Geisli». Han var nærverande både for Guds trone og i kyrkja der lekamen låg, samstundes. Olavs himmelske nærvær legitimerte det norske kongedømmet som ein sjølvstendig stat. Helgenkongar var eit trekk ved kristendommen i Europa i nett denne tida.

Aller tydelegast var den guddommelege legitimeringa i tanken om Olav som Noregs evige konge. Då Magnus V Erlingsson, sju år gammal, vart krona av erkebiskop Eystein i 1163, lova han å vakte Noreg som lensrike under Heilag-Olav. Han – og norske kongar etter han – vart Heilag-Olavs avløysar på jorda.

Koplinga mellom kyrkje, nasjon og kongemakt vart skjebnesvanger då reformasjonen kom i 1537, og Noreg vart ein dansk provins. Den siste erkebiskopen, Olav Engelbrektsson, leidde riksrådet og kjempa samstundes for Noregs sjølvstyre og for den katolske trua. Han freista å sikre Olavsskrinet, men måtte rømme landet utan å få det med seg. Det sølvdekte Olavsskrinet vart smelta om, og den inste trekista med Olav sjølv vart teken hand om av danskekongens menn. Kva skjedde no med Olavs lekam og Olav som symbol?

Kongemakt

Den lutherske læra gjekk imot helgendyrking, og den danske kongen såg seg ikkje tent med ein nasjonal heltekonge i lydriket Noreg. Samstundes er ikkje biletet heilt eintydig. Sjølv om livsnerven vart kutta over då den katolske kulten vart avvikla, levde Olav vidare som ein historisk konge og ein segnhistorisk helt. Kyrkjehistorikaren Tarald Rasmussen meiner at Olav vart «omkoda». Frå å vere ein verksam helgenkonge vart han no ein skjult skatt frå stordomstida. Slik vart han til dømes skildra hos bergenshumanisten Absalon Pederssøn Beyer, i boka Om Norgis Rige.

Beyer skildra ikkje Heilag-Olavs himmelske autoritet. Tvert om skildra han den jordiske lekamen der han no låg i domkyrkja, der han altså hadde lege «uforkrenkt» i 537 år, som han skreiv. Olav var eit lik, men liket var ikkje rote. Derimot var det intakt, så nær som brusken i nasen og noko av leppene. Ifølgje Beyer måtte dette vere eit teikn på at Olav hadde vore ein sann kristen som heldt Guds ord kjært – og eit teikn på at Gud på den ytste dagen ville sameine sjel og lekam og reise han opp att.

Eit par år seinare vart liket etter Olav grave ned på ukjend stad. No var ikkje Olav lenger ein nærverande helgen frå dei himmelske gildehallar, men vart sjølv fortid. Olav var likevel viktig, som eit historisk ideal for forholdet mellom nasjon og kristendom.

Ifølge Tarald Rasmussen var Olav framleis viktig fordi den kristendomen Olav kom med, der den sterke kongemakta var heilt vesentleg for kyrkja, også passa så godt saman med det lutherske synet på fyrstens makt over politikk og religion. Med reformasjonen vart kongen øvste leiar for kyrkja. Og no vart symbolet Olav tolka i samsvar med dette. Olav vart «protestantisert» og eit minne om ei fortid der den norske kongen hadde hatt den same rolla.

Som den skjulte skatten frå fortida vart Olav som symbol først sett riktig i spel igjen i nasjonsbygginga etter 1814. Men no låg interessa i det nasjonale sjølvstendet.

Nasjonalkjensle

Da Bjørnstjerne Bjørnson talte for 5000 menneske på Stiklestad i juli 1882, ivra han for å gjenreise Olav som nasjonalt symbol. For Bjørnson var ikkje kristendomen det viktigaste. No handla det om opphavsmyten til det norske folket. For korleis skape eit felles nasjonalt medvit i kampen mot unionen med Sverige når Noreg i 400 år hadde vore under Danmark? Løysinga var å gripe tilbake til mellomalderen. Olav var symbolet som skulle samle folket om nytt nasjonalt medvit.

I tillegg til politikarar og diktarar, med Bjørnson i spissen, var det sjølvsagt også kyrkjelege aktørar som ville gjenreise Olav og olsok. Dei la vekt på Olav som kristningskongen. Alt i 1854 skreiv presten Otto Theodor Krogh i Morgenbladet at olsok igjen burde verte ein stor kyrkjeleg fest. Olav hadde vorte svikta både i liv og i død av nordmennene, meinte Krogh.

Akkurat som jødane drap Stefanus, drap nordmennene Olav, og attpåtil selde dei han til danske kong Knut for 30 sølvpengar. Men medan jødane no vende om (her tenkte Krogh kanskje på den nyoppretta Israelsmisjonen), hadde nordmennene teke til seg danskane sitt hat mot Olav og framleis ikkje gjenreist Olav og olavsfesten. Nordmennene var rett og slett førte bak lyset av danskane, konkluderte Krogh. For danskane visste at i Olav låg det norske folkets politiske og religiøse kraft trengde saman til eitt. Olav var sjølve symbolet på den sjølvstendige kristna nasjonen.

1930: fullenda einskap

På mange vis nådde Olav som symbol eit høgdepunkt med 1930-jubileet. For fyrst etter 1905 vart det mogleg å knyte nasjonalkjensle, stat og religion saman gjennom ein norsk konge. No var interessene samanfallande med Olav som midtpunkt. Kong Håkon, som også var øvste leiar for kyrkja, var hovudtalaren på Stiklestad.

Dei mange talane, den nykomponerte musikken og alle helsingane under jubileet vitnar om ein einaste lang ekstatisk rus. Noregs framtid var som eit kristna, fritt og lukkeleg folk, som Anders Hovden sa i sin tale. For han kunne Olavs program samanfattast i kristendom og norskdom. Hovden hadde inga tru på at kristendomen nokon gong skulle bli avleggs.

Men som vi veit, var ikkje Adam lenge i Paradis. Det sjølvstendige kristne Noreg med kongen som øvste samlande symbol er no historie. Kyrkje og stat skilde lag i 2012, og kristendomen forsvinn frå skule, kultur og generelt medvit. Og nasjonalkjensla er ein heit potet i ei tid då dei folkevalde strenar mot overnasjonale løysingar. Så korleis vert Olav brukt som symbol i dag?

Nasjonaljubileet 2030

Spørsmålet om jubileet vert ei «mangfaldsmarkering» eller eit «kristningsjubileum», er ikkje noko vi treng å lure på. Svaret står svart på kvitt i grunnlagsdokumenta. I jubileumsplattforma er nemleg Olavs død og påfølgjande helgenkåring fyrst og fremst utgangspunkt for framveksten av «Det norske riket». Og det inneber at det fyrst og fremst er nasjonen, slik statsmakta har interesse av å forme han i dag, som skal verte elska fram og feira. Forteljinga om nasjonen, i jubileumsplattforma, kan oppsummerast slik: Vi er, har alltid vore og skal halde fram med å vere eit mangfaldssamfunn.

I denne forteljinga som statsmakta fremjar, vert kristendommen ikkje meir enn eit støttehjul før ein har lært å sykle, så å seie. Når nokon syklar for eigen maskin, treng ein sjeldan tenkje meir på støttehjula. Og i forteljinga om nasjonen vert det vanskelege symbolet Olav enkelt og greitt omforma til eit mangfaldssymbol. Overgangen er rett nok litt søkt: «like lite som det finnes én historie om Olav, finnes det én historie om Norge… Fram mot 2030 skal derfor ulike stemmer og fortellinger løftes fram – historier som viser at Norge alltid har vært mangfoldig, i utvikling og i tett kontakt med resten av verden».

Dersom vi no legg den tredelte interessemodellen med konge/statsmakt, kyrkje og nasjon på feiringa i 2030, er det lett å sjå at det er interessene til statsmakta som ligg tyngst på vekta. Men slik treng det sjølvsagt ikkje vere. Kyrkja – eller kyrkjene – må sjølv definere kva for symbol Olav er for dei. Dei treng ikkje noko regjeringsutval for å gjere det. Om ikkje kyrkja sine interesser er dei same som statsmakta sine, då?

Fare for nostalgi

Eg nemnde Olavs leggbein, øksar og krone i den katolske kyrkja eg går i, St. Olav i Oslo. Det er lett å sjå at faren for katolikkane er nostalgi. For den norske folkekyrkja, derimot, er faren å underleggje seg interessene til statsmakta og verte redusert til eit haleheng til den norske velferdsstaten. Gammal vane er vond å vende etter 500 år under kongens styre. Samstundes må alle kristne trussamfunn ta inn over seg at kulturen er tvers igjennom sekularisert, så kva symbol er ein helgenkonge frå mellomalderen då?

Til sist: kva med dei nasjonale interessene – er det sjølvsagt at Olav som symbol her fell saman med interessene til statsmakta? På 1800-talet vart Olav nytta til å løfte fram det norske sjølvstende overfor Danmark og Sverige. Før landsmøtet i Arbeidarpartiet i mai var det freistande å tenkje på Trond Giske som ein Olav frå Nidaros som forvalta det norske sjølvstendet betre enn dei som lefla med kontinentet. Men den gong ei. Om ikkje han vart kjøpt for 30 sølvpengar, så vart han kanskje leidd på villspor av framande makter.

Slik kan vi halde fram. Her er det med andre ord mykje symbolikk å la seg inspirere av i åra som kjem.

Eivor Andersen Oftestad er første­amanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gammal vane er vond å vende etter 500 år under kongens styre.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis