Frå diktarleg sanning til litterær skade-melding

BERGEN: Kven skal forfattaren ta omsyn til når han skriv «røyndomslitteratur» – dei omtala personane eller litteraturen? Dag og Tid var på litteraturdebatt under festspela i Bergen.

Toril Moi (t.v.) leidde debatten mellom forfattarane Suzanne Brøgger, Dag Solstad, Vigdis Hjorth, Karl Ove Knausgård, Liv Køltzow og Tone Hødnebø.
Toril Moi (t.v.) leidde debatten mellom forfattarane Suzanne Brøgger, Dag Solstad, Vigdis Hjorth, Karl Ove Knausgård, Liv Køltzow og Tone Hødnebø.Toril Moi (t.v.) leidde debatten mellom forfattarane Suzanne Brøgger, Dag Solstad, Vigdis Hjorth, Karl Ove Knausgård, Liv Køltzow og Tone Hødnebø.
Publisert

Dei store spørsmåla var fleire enn dei klare svara då festspeldiktar Vigdis Hjorth hadde samla A-laget kring seg for å drøfte sentrale tema i samtidslitteraturen på scena Lille Ole Bull under Festspillene i Bergen førre fredag. Duke-professor Toril Moi spurde, og ei noko heterogen gruppe Hjorth-kollegaer svara.

Suzanne Brøgger fortalde at Henry Miller hadde sagt til henne at han aldri tok omsyn til andre i skrivinga si. Det gjer ikkje ho heller.

– Eg vil aldri la ei kusine eller bestemor styre skrifta mi. Å vise andre manuskriptet er å leggje litt av ansvaret frå seg. Forfattaren må ta heile ansvaret – og alle konsekvensane.

Var det ein høfleg kilevink til norske forfattarar som ikkje torer gå like langt? Sjølv har ho mista mange familiemedlemer og andre gjennom det ho skriv.

Ved sida av den danske veteranen, men i motsett hjørne av verda, sat Dag Solstad og kjende seg letta over at dette var spørsmål som strengt tatt ikkje kom han ved.

– Eg ville bli ein stor forfattar, og då kunne eg ikkje nytte mitt eige liv. Til å utforske tilværet trengst noko meir enn eit ubetydeleg liv i sjenanse. Gjennom litteraturen visste eg at eg kunne uttrykkje ting eg elles aldri ville vågd å seie på anna vis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement