Kommentar

Ungdomskriminalitet i skulen

Politiet seier det politikarane teier om: lokalt samvirke avgjer ungdomskulturen.

Publisert Sist oppdatert

Meir og meir er ungdomskriminalitet knytt til valds- og narkotikamiljø som har vunne feste i skular. Ikkje berre i byskular. Jamvel i vestnorske landdistrikt siv det – om enn rektorar og skuleeigarar gjerne vil ha det til at alt er i orden – ut nyhende om trugsmål, vald og langing.

Sjølvaste kunnskapsministeren, Kari Nessa Nordtun, stadfeste korleis problemet veks, 25. februar i år til Utdanningsnytt. Ho fordelte då 70 millionar kroner mellom norske byar: Oslo fekk 24 millionar, Kristiansand 10,5 millionar, Trondheim og Stavanger 7 millionar kvar og Drammen, Sarpsborg og Skien 3,5 millionar kvar. Byane får sjølve organisere vernebuingsarbeidet slik dei finn for godt.

Det er altså ikkje tvil om alvoret. Om det som no vert gjort, fungerer godt, kan ordninga utvidast. Nordtun slo i Utdanningsnytt fast at «Skolene skal ikke være arenaer for kriminalitet eller rekruttering til kriminelle miljø. Barne- og ungdomskriminaliteten skaper store utfordringer for skolemiljøene flere steder».

Imponerande analyse

Du vi ikkje finne mykje informasjon på nettet om emnet frå dei nemnde kommunane; ringjer du, får du heller ikkje lett svar. Di meir oppsiktsvekkjande er det då at Oslo politidistrikt har teke ansvar. Høyringsfråsegna deira til ny skulebruksplan byggjer på eit stort arbeid med gjennomgang av forsking og rapportar. Resultatet er ein imponerande analyse av korleis samvirke mellom skulekultur og lokalmiljø hemmar ungdomskriminalitet. Ei rekkje osloskular som no er føreslegne nedlagde, har, slik politiet ser det, ei viktig kriminalitetsførebyggjande rolle (jf. Verdens Gang 22. mai) og bør difor ikkje leggjast ned.

Vi er ikkje utan forsking på skulekultur i Noreg. Forfattarane av høyringsfråsegna frå Oslo-politiet har nytta forsking og rapportering frå Ungforsk, Statistisk sentralbyrå (SSB), By- og regionforskingsinstituttet NIBR og einskildarbeid frå OsloMet, NTNU og Universitetet i Oslo. Dei har trekt inn Riksantikvarens vurdering av miljøpåverknaden til institusjonar, OECD-rapportar og sjølvsagt resultata frå eit regjeringsoppnemnt utval i 2024.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement