Bok
Fortel fiendens historie
«Herregud, som jeg lengter tilbake til Norge og fangenskapet!» Slik kunne ei tysk kvinne skrive då ho i 1947 kom til det krigsherja heimlandet sitt etter to år i norsk internering.
Trudel Knepper og Georg Bauer forlova seg på Falkensten bruk utanfor Horten pinsa 1944.
Bilete frå boka.
Då andre verdskrigen slutta, fanst nesten 400.000 tyskarar i Noreg. Noko slikt som 5000 av dei var sivilistar som hadde arbeidd for den tyske administrasjonen. Svært lite er skrive om livet deira i Noreg inntil dei blei returnerte til eit Tyskland i ruinar. Då historikaren Gudmund Moren fekk hand om brevvekslinga mellom to av dei, stod det klart for han at historia om Trudel og Georg måtte skrivast. No ligg ho føre med tittelen Okkupanter.
Trudel Knepper og Georg Bauer var begge fødde i 1913, ho i Berlin, han i München. Ho var ei nokså upolitisk kontordame i eit firma som dreiv med utvikling av jordbrukseigedommar. Han var overtydd nasjonalsosialist med doktorgrad i jus og nasjonaløkonomi og i ferd med å gjere karriere i Hitlers SS. Ho kom til Noreg i januar 1941, som sekretær i Rikskommissariatets avdeling for ernæring og jordbruk. Han kom åtte månader seinare, som leiande byråkrat i den tyske tryggingstenesta (Sicherheitsdienst, SD). Påsken 1942 møttest dei på ei hytte i Nittedal. I oktober 1946 gifta dei seg i leir Kranich i Oslo. I mai året etter kom dottera Marlis til verda på sjukehuset i Holmestrand.
Interneringsleirar
Gudmund Moren, som er pensjonert førsteamanuensis i historie og tidlegare dekan og rektor ved Høgskolen i Lillehammer, kom i 1990-åra i kontakt med dottera til ekteparet Bauer. Ho visste ikkje så mykje om fortida deira, anna enn at dei fortalde kor godt dei hadde hatt det i Oslo under krigen. I 2005 kom ho til Lillehammer med bilen full av brev, foto og anna materiale. Om lag 300 brev mellom mora og faren frå den tida dei var frå kvarandre, han i fengsel på Akershus festning, ho i ymse interneringsleirar.
– På eit seinare tidspunkt fann ho også ein del brev som Georg hadde skrive til far sin i 1944–1945. Det gav prosjektet mitt ein ny dimensjon. Lenge var det ei kjærleiks- og kvardagshistorie, men no fekk vi brått inn krigen for fullt, fortel Moren.
Han fortel at det detaljrike materialet gir mange små glimt inn i ein røyndom som gir eit heilt nytt bilete av forhold vi har visst lite om, især livet i interneringsleirane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.