«Forsona» Fløgstad ute med songbok
Lyrikaren Kjartan Fløgstad lever i beste velgåande. Til Vinje-jubileet har han skrive tre nye songar, og i desse dagar ligg ei bok føre med songlyrikk som ei rad komponistar har sett tone til.
Kjartan Fløgstad gjev ut songbok med notar og besifring.
Foto: Morten Holm / NTB scanpix
Det finst ikkje noko tilfeldig ved at Fløgstad (73) har fletta inn dikt som kan syngjast i så mange av romanane sine. Utan dei ville desse bøkene mista noko av krafta dei har. Det gjeld især dei tre romanane som er mest «gjennomsyra av vers» – Dalen Portland, Fyr og flamme og Grand Manila. Forfattaren forklarar dette med at gjennom lyrikken og den bundne forma kan han vere kjenslevar på ein måte han ikkje like godt får fram i prosaen. Det er difor figurar som Laksevåg-rockaren Perry Moatræ og andre stundom formulerer seg på vers.
At det skal ha blitt mindre songlyrikk i romanane dei seinare åra, vil ikkje Fløgstad vere med på. Rett nok fann han ikkje Grense Jakobselv (2009) eigna for slike innslag, men både Nordaustpassasjen (2012) og Magdalenafjorden (2014) inneheld songlyrikk. Og skulle det ha blitt færre av versa, kom ikkje det av noko medvite val frå forfattaren si side.
– Eg diktar, om ikkje regelbunde, så i det minste nokolunde jamleg. Songtekstar har eg skrive frå debutsamlinga mi i 1968 og fram til i dag. Du finn dei i romanane, reisebøkene og jamvel i bedriftssoga Arbeidets lys.
Om lag 40 dikt
Sandharpesongar inneheld om lag 40 dikt frå nesten heile forfattarskapen. Lars Klevstrand har skrive ut notar og besifring, slik at dette er blitt ei skikkeleg songbok. Med det nyskrivne titteldiktet tenkte forfattaren på Tom Roger Aadland då han skreiv. Og låtskrivaren og vokalisten trong ikkje meir enn ei natt før han svara med «ein fengjande melodi», fortel visediktaren.
Han er stolt over alle som har skrive musikk til dikta hans, og dei mange framifrå musikarane han har fått samarbeide med på scenar over heile landet. Især gjeld dette eminente instrumentalistar som Stian Carstensen og Per Arne Glorvigen, men lista inneheld ei rad andre dyktige musikarar og tonesetjarar. Med slike karar i ryggen har Fløgstad våga seg fram på scenen. Somme tider har det gått fint, somme tider strålande og somme tider slik at han berre har vilja søkke i jorda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.