Bok

Formsterk sorg

Sofus Greni har gitt oss ein lovande og levande debut.

Romandebutant Sofus Greni arbeider med ein mastergrad i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.
Romandebutant Sofus Greni arbeider med ein mastergrad i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.
Publisert

«Den som er rammet av sjalusi, forestiller seg den andre i paradis», heiter det i Sofus Grenis debutroman Langs det utslåtte håret. Den andre lever sjølvsagt i konstant og uforfalska lukke, mens ein sjølv er overlaten til sorg og berre sorg. Kanskje litt fortviling på kjøpet. Då er det lett å sjå småleg på dei «med brunlange bein og korte skjørt, som spankulerer i flokk, eller blir geleidet av en armkrok.»

Originalt språk

Greni går tett på kjensler som forelsking og kjærleik, sjalusi og avmakt i denne korte forteljinga som krinsar rundt eit ungt par, men som òg har ein tredje person i sidesynet. Her er fjørlette kvardagssituasjonar, saknet av det same når det er tapt, og plutseleg brutalitet. Her er kontrastane mellom det som betyr mykje for éin person, men som blir møtt med eit skuldertrekk av ein annan.

På handlingsplanet skjerdet ikkje så mykje, kanskje, det er meir kvardagen som går føre seg, mens kjenslene som følgjer med kvardagshendingane, liksom kjem nøkternt-rørande fram i teksten. Greni har eit særeige og interessevekkande språk som han turnerer rutinert til debutant å vere. Han brukar mykje passivform: «Det bestilles to glass hvitvin», «Det unnskyldes», og han kan utelate både pronomen, preposisjonar og annan overflødig grammatikk: «Det er et overgrep å betrakte en søvn, på samme måte som å forelske.», «Jeg ser på halsen som tviholder hodet, som et spedt fyrtårn.»

Desse underleggjerande grepa kan få ein til å tenke på forfattarar som Øyvind Ådland og Yngve Pedersen – samstundes er det først og fremst det originale ved Greni som slår ein. Han kan gå uanstrengt inn i og ut av det språkleg ekstraordinære. Somme gongar er setningane utan grammatiske krumspring og klokkeklare og stemningsskapande: «Jeg finner frem til en benk som står sammen med en kasse strøsand under et lite skråtak. Jeg kryper sammen og lytter til regn mot bølgeblikk.»

Gøymeleik

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement