Musikk

Fløgstad og Fliflet på nytt album

Eit fleirårig samarbeid mellom komponist og musikar Gabriel Fliflet og forfattar Kjartan Fløgstad har resultert i plata Himlaleite, som blir sleppt i dag.

Gabriel Fliflet har tonesett tekstar av Kjartan Fløgstad.
Gabriel Fliflet har tonesett tekstar av Kjartan Fløgstad.
Publisert

Fliflet har sett musikk til songar henta frå ulike Fløgstad-romanar, men i somme høve har musikken kome før teksten. I tid spenner tekstane over mykje av forfattarskapen. Fliflet har elles sett musikk til dikt og songar av andre forfattarar òg, især Jon Fosse og Robert Burns.

Med seg på dette folkemusikalsk prega prosjektet har Fliflet folkesongar og tradisjonsberar Berit Opheim frå Voss og felespelar og songar Jorun Marie Kvernberg frå Romsdal. Han har samarbeidd med kvar av dei fleire gonger før, men no dannar dei Trio Alde, som skal ut på turné med dette materialet, og truleg også spele saman i andre samanhengar.

Fliflet fortel at han byrja tonesetje songtekstar av Kjartan Fløgstad til albumet Valseria, som kom i 2013.

– Vi blei litt kjende etter kvart, så eg spurde om han hadde nokre tekstar han ville sende til meg. Så fann han tekstar han hadde liggjande, og laga nokre nye. Eg fekk òg komme med framlegg om endringar og små vriar som høvde betre til min melodi. På eitt vis lagar eg tradisjonelle melodiar med fast rytmestruktur som er konstant frå vers til vers, så då er det hyggeleg å kunne snakke litt saman. Kjartan er jo ingen reindyrka songtekstforfattar.

– Kva var det som fekk deg til å gå laus på Fløgstad-songane?

– Eg veit ikkje heilt. Men grunnen til at eg heldt fram etter den første, var det enorme mangfaldet i tekstane, frå miniatyrdiktet «Svev», ein slags voggesong, og til laurdagsdans på Folkets Hus og alt som der kan skje, og bibelske allusjonar i «Krona av tre». Eit fargerikt, stort spenn. Fleire av tekstane er så mangetydige at eg blir aldri heilt ferdig med dei og stadig grunnar på kva eg eigentleg syng om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement