Film

– Ønskjer å vekkje sterke reaksjonar

Det stod tidleg klart for Sara Johnsen og Pål Sletaune at dei ville lage TV-serie om 22. juli, men utan terroristen og dei direkte offera. Likevel mangla det ikkje på etiske problem.

Alexandra Gjerpen spelar journalisten Andrine som dekkjer terroråtaket for Aftenposten.
Alexandra Gjerpen spelar journalisten Andrine som dekkjer terroråtaket for Aftenposten.
Publisert

Media, helsepersonell og politi skulle vere nav i historia. Gjennom deira opplevingar og arbeid ønskte filmparet å skildre tragedien. Sidan kom dei til at også skulen måtte vere med, der mange lærarar utover hausten 2011 fekk den krevjande oppgåva å ta hand om unge elevar som hadde mist ein bror eller ei syster. Der er der vi som sjåarar får oppleve nokre av dei vondaste scenene i flettverket av personar, institusjonar og hendingar som utgjer den fem timar og seks episodar lange TV-serien.

Sara Johnsen strekar under at sjølv om ho og mannen har stått i sentrum for 22. juli-serien, er han resultatet av eit stort lagarbeid med svært mange involverte. Johnsen har hatt hovudansvaret for manuset, ektemannen for regien. Castingen, der sjølv statistane blei handplukka, har dei to vore saman om, likeins klipp og lydarbeid.

– Vi har hatt mange dedikerte medarbeidarar som verkeleg har ønskt å gi av seg sjølve.

Sara Johnsen fortel at dei begge i alle åra etter 2011 har vore svært opptekne av 22. juli-terroren. Ambisjonen var å syne kva enorme ringverknader eit slikt fælsleg åtak har. To HBO-seriar, Treme og The Wire, inspirerte dei ved å vise korleis ein kan få fram breidda i det som skjer. Så valde dei hovudroller eller hovudfunksjonar ut frå dei 22. juli-historiene som hadde rørt dei sterkast, og kva personar som hadde vore mest involverte i dramaet.

– Rettssaka opplevde eg som svært ryddig, verdig og fin, der det juridiske språket makta kle av hendingane på ein nøktern og god måte. Saman med Gjørv-rapporten, rosetoget og fellesskapen skapte det ro. Men spørsmålet er: Lærte dei noko, dei som svikta? Det kjennest ikkje som om dei tok heilt fatt i problema.

– Fleire bøker er skrivne og fire filmar lagde om 22. juli. Kva var det de ville ha fram?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement