Stemma
Odda-forfattaren Lars Ove Seljestad har òg bakgrunn som smelteverksarbeidar.
Vandring
Terje Kollbotn og Lars Ove Seljestad:
Smelteverket rundt på 100 minutt
Smelteverket, laurdag 10. oktober
Eg var ein gong på ei omvising i Folldalsgruvene i Nord-Østerdalen. Ein tilårskomen ålesundar hadde forvilla seg inn dit og blitt guide. Han sette på oss hjelmar og tok oss med 1600 meter ned i fjellet, i eit skjenegåande tog. Det var ei klaustrofobisk ferd. Vi stansa i ei hole som hadde takhøgd og breidd og alt som skulle til for ikkje å bli kvelt av fjell tett på hovudet, og som var ein arena for føredrag og konsertar i moderne tid. Då valde han ikkje å fortelje om suksessen til eigarane av gruva eller kva gruvedrifta hadde tilført samfunnet, men om dei dårlege kåra arbeidarane hadde, og kva slags tyrannar eigarane var. Her var ein kar som hadde valt ståstad. Kvar skal ein fortelje frå? Det finst mange perspektiv. Velstanden kunne vi jo lese om på plakatane over bakkenivå.
Då fagforeiningsleiar og Raudt-politikar Terje Kollbotn og forfattar Lars Ove Seljestad tok oss med på vandring på smelteverkstomta i Odda, hadde dei same horisonten: Dei tok parti med arbeidarane. Dei gjekk framføre ein koronaspreidd flokk med berbart lydanlegg, peika og forklarte. Seljestad, som òg er tidlegare smelteverksarbeidar, las industridikta sine innimellom. Eg har lese dei før, med glede, men då sat eg på ein veranda i Bergen, ante fred og ingen fare, her gjekk dei rett inn i sjølve miljøet. Då kjendest det farefullt. Kalsiumcyanidverk og karbidfabrikk, det er ikkje berre berre. Kollbotn fortalde om den første streiken i Odda i 1909. Den oppstod på grunn av planar om nedbemanning i eit alt utsett og farleg yrkesfelt. Det enda med full siger for dei streikande, og der la dei grunnlaget for mange sigrar for arbeidarar etterpå.
Kollbotn tok oss med høg stemme og eigne perspektiv gjennom heile smelteverkstomta. Vi fekk lære om driftsbygget, omnane, omformarstasjonen for straum, råstofflageret. Om den delen av industrien som no er borte, men der bygningsmassen kan få nye bruksfelt, slik som andre av husa på tomta har fått, som kulturarenaer. Heile tida snakka frå golvet.
Ingvild Bræin
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.