Festspel

Forteljarane frå Odda

Marit Eikemo og Frode Grytten seier «Hallo Odda» i talkshowet sitt.
Marit Eikemo og Frode Grytten seier «Hallo Odda» i talkshowet sitt.
Publisert Sist oppdatert


I avslutningsframsyninga Hallo Odda, leia av forfattarane Marit Eikemo og Frode Grytten, blei intervjuobjekta møtte med ein sprut handsprit i handa framfor eit handtrykk. I opningsfilmen kunne vi sjå korleis det gjekk «då Frode og Marit måtte i karantene». Saman skulle dei bu i Oddahallen i ti dagar. Mat blei servert under døra. Dei fann på aktivitetar for å få tida til å gå: flyge i korridorane, konkurrere i stille lengde, spele fotball og så vidare. Etter kvart tok apatien og galskapen dei.

Det var ei artig opning. Det var òg morosamt då ordførar Roald Aga Haug skulle halde tale til konfirmanten Symposiet. Bak han stod Frode Grytten med (ein meter lang) peikestokk, klar til å korrigere ordføraren med dulting og suffli. For eksempel kunne Haug trekke fram «drita dyktige forfattarar» som har gjort festivalen rikare opp gjennom åra, men måtte etter kviskring frå Grytten legge til «som i tillegg er pene og stilige å sjå på».

Spørsmålet «Kva er det med Odda?» var i si tid utgangspunktet for tilskipinga av litteratursymposiet. Eikemo og Grytten lurte på om dei hadde funne svar på det i løpet av desse femten åra. Grytten meinte at det hadde dei nok ikkje, og at det ville vore keisamt, for kva skulle dei ha funne på etter det?

Ein kan finne delforklaringar. Då litteraturkritikaren Frode Helmich Pedersen tok plass i gjestesofaen, foreslo han at Odda-forfattarar har det til felles at dei er forteljarar. I dei litterære og akademiske miljøa i 1980- og 1990-åra var det språkarbeidet som stod sterkt. Ikkje i Odda. Her har forteljinga aldri mista status, men blitt hegna om og utvikla, meinte han.

Grytten sa seg einig og viste til det kollektive som har prega Odda sidan industritida. Å beherske forteljinga har vore viktig, meinte han, for å få overtaket på sjefar, basar, kollegaer.

Eikemo la til at det å vere på skiftarbeid på fabrikken og høyre forteljingar var som å høyre på sjømenn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement