Kommentar
Ein usunn modell
Helseføretaka er ein medisin med moderat effekt og alvorlege biverknader.
Helseminister Jan Christian Vestre og statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Sykehuset Østfold på Kalnes i august. Da sjukehuset stod ferdig i 2015, var det allereie for lite. Helse Sør-Aust hadde rekna feil.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Dei regionale helseføretaka er i ferd med å sleppe opp for vener, ser det ut til. I Debatten på NRK 9. oktober fillerista Fredrik Solvang styreleiar Renate Larsen og administrerande direktør Marit Lind i Helse Nord så det var vondt å sjå. Ingen av dei klarte å forklare kvifor Lind fortente ein lønspakke på 3,2 millionar i året, samstundes som helseføretaket kuttar i sjukehusbudsjetta.
Lind og Larsen sleit òg med å grunngje at den nye kommunikasjonsdirektøren må få 1,85 millionar i året, pluss ein pendlarpakke så han framleis kunne bu i Oslo. Det næraste styreleiaren kom ei forklaring, var at løna til leiarane i helseføretaket måtte vere «konkurransemessig rett», fordi «Helse Nord er i ein marknad der dei må konkurrere om dei beste leiarane».
Marknadsanalyse
Den tankegangen fell naturleg for Renate Larsen, siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og med bakgrunn frå Norges sjømatråd og Lerøy-konsernet. Men utsegna skurrar. Helse Nord opererer ikkje i same «marknad» som Lerøy eller andre store private selskap.
Administrerande direktør Marit Lind er på si side utdanna sjukepleiar, og til liks med alle dei andre toppsjefane i dei regionale helseføretaka har ho bakgrunn frå helsevesenet. Og godt er det. Føretaka skal styre spesialisthelsetenestene til beste for oss alle, og bør leiast av folk som verkeleg forstår helsevesenet. Men dette er også noko av grunnen til at marknadsretorikken til Renate Larsen kling falskt.
Våre sjukehus
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.