JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Feirar livet – etter døden

I Latvia vert dei døde feira med ein slags «gravplassfestival» i august kvart år. Det har inspirert forfattaren Nora Ikstenas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nora Ikstena (49) frå Latvia har suksess med romanen «Mother’s Milk», som vert omsett til stadig fleire språk.

Foto: Ottar Fyllingsnes

7304
20190412
7304
20190412

Litteratur

ottar@dagogtid.no

I 2016 kom Jánis Jonevs roman Fordømte ’94, og no kjem Nora Ikstenas Feiringen av livet. Det er ikkje dei store forlaga som satsar på bøker frå små land, men vesle Bokbyen Forlag i Tvedestrand.

Ute i verda er interessa for latvisk litteratur stigande. Fram til 2018 var berre éi bok omsett frå latvisk til engelsk, men på bokmessa i London i fjor var merksemda retta mot dei baltiske landa, og no er det gjort avtalar om omsetjing av 45 latviske bøker til engelsk.

– Det skjedde på eitt år, fortel Nora Ikstena (49), som er spydspissen i den latviske litteraturen.

Ho er kalla opp etter Nora i Henrik Ibsens Et dukkehjem.

– Mor mi var Ibsen-fan, og Ibsen er populær i Latvia. Det har også Knut Hamsun og Trygve Gulbranssen vore. Eg var begeistra for Victoria og Sult, fortel Ikstena, som vitja Hamarøy då Hamsunsenteret opna.

På den første turen til Noreg kom ho saman med eit latvisk kor.

– Mange av venene mine hugsar godt mottakinga og alle dei latviske flagga som møtte oss på den norske jernbanestasjonen.

Sist veke var Nora Ikstena på Litteraturhuset i Oslo for å snakka om forfattarskapen og debutboka Feiringen av livet, som kom ut i 1998. Romanen er den første i ein trilogi, og i fjor kom den siste, Mother’s Milk – eller Soviet Milk, som ho heiter på engelsk. Romanen vart ein stor suksess, og så langt er han sett om til meir enn ti språk.

Debutromanen Feiringen av livet vart ein suksess i Latvia. Så langt er samla opplag på 70.000, og boka er pensum i skulen i Latvia. Då ho kom ut, greip det heilt om seg, og tittelen vart som eit varemerke. Ein restaurant, eit psykologikurs og fleire andre fenomen fekk namn etter romanen.

Om mødrer og døtrer

I 1990-åra vart unge forfattarar frå Aust-Europa inviterte til det baltiske forfattarsenteret på Visby på Gotland. Nora Ikstena var blant dei som fekk stipend, og ho minnest reisa med båten «Vladimir Iljitsj Lenin» frå Riga til Stockholm.

– Der fekk eg ideen til Feiringen av livet, og boka vart til på Gotland. Det var som ein draum.

I romanen handlar det om ei gravferd. Hovudpersonen Helena vart aldri skikkeleg kjend med mora, men ho kjem til gravferda. Der møter ho sju av venene til mora, og dei brukar natta etter gravferda til å minnast den døde.

– Merkeleg nok fekk eg det første eksemplaret av boka på gravferdsdagen til mor mi. Det var ei mystisk blanding av litteratur og liv. Eg sa at eg aldri skulle skriva fleire bøker, men boka vart den første i ein trilogi. Etter ti år gav eg ut Virgins Lessons, og ti år seinare kom Mother’s Milk. Dei tre bøkene fortel på ulikt vis historier om mødrer og døtrer. Dei to første er svært metaforiske, medan den siste handlar meir om livet i sovjetiske Latvia frå 1969 til Berlinmurens fall i 1989. Det er ei historie om å overleva i buret. Boka handlar om ei mor som føder ei jente, men som stikk av. Ho vil ikkje gje barnet mjølka som ho meiner er forgifta. Mjølka er ein metafor for den forgifta mjølka me måtte drikka i Sovjet-tida.

Nora Ikstena fortel om stor utanlandsk interesse for Latvia i Sovjet-tida.

– Folk kjenner til det som Hitler-regimet stod bak, men veit lite om Stalins drap og deportasjonar. Begge bestefedrane mine vart deporterte til Sibir. Dei overlevde – etter sju og ti år i fangeleiren. Den eine bestemor mi hadde tre små born å ta seg av. Ho var religiøs, og i ettertid kom eg over dagbøkene hennar. Til å byrja med skreiv ho Gud med stor G, men ho endra den store G-en til liten bokstav – av frykt. Ho var så redd KGB.

Ville skriva på latvisk

Etter suksessen med Feiringen av livet fekk Nora Ikstena nytt stipend. Ho reiste til New York for å studera engelsk språk og litteratur ved Columbia University i eitt år.

– Eg var 28 år gamal og konkluderte raskt med at «America is mine». Eg sende utdrag frå boka mi til forlaget Soho Press, og redaktøren ønskte å møta meg. Han ville sjå denne sprøe jenta frå det ukjende landet, men slo fast at ville eg verta vidgjeten forfattar, måtte eg slå meg ned i New York og skriva på engelsk. Men det var ikkje det rette for meg, og eg er svært glad for at eg skreiv Mother’s Milk heime i Latvia. Eg kan ikkje tenkja meg å skriva på anna språk enn latvisk.

Dei levde i eit bur

Det skrantande forholdet mellom mor og dotter står sentralt i Ikstenas trilogi, og ho fortel om bakgrunnen for det.

– Mor mi døydde då ho var 54 år, og eg har alltid tenkt at foreldregenerasjonen mista livet under det sovjetiske regimet. Dei var ikkje frie, men levde som i bur. Mor mi arbeidde som lege, og ho var både klok og dyktig. Eg har ofte tenkt på korleis livet ville ha vore for henne i eit fritt og demokratisk land. Sjølv om ho var svært sjuk og kjempa med både alkohol og dop, hadde me nær kontakt. Eg freista å skjøna henne og kva som skjedde med henne, og kvifor ho var som ein slags «alien». Ho var ikkje ei gjennomsnittskvinne som tok vare på borna, koka og vaska. Ho var svært intellektuell.

Introvert folkeferd

I samband med trilogien har Nora Ikstena reist mykje i heimlandet og registrert at latviarane er ei introvert folkeferd.

– Me snakkar ikkje om saker og ting, men gøymer trauma våre. Sånn sett kan boka verka som ein slags psykoterapi. Folk kan få augo opp for at det ikkje berre er dei som lir av trauma, og at dei treng å vera opne og snakka om det som har skjedd.

– Trur du at bøkene dine har hjelpt folk på veg?

– Ja, eg har reist til nesten alle dei små biblioteka i Latvia, og det har ikkje berre vorte snakk om litteratur, men om det som folk har opplevd. Eg trur det er betre enn psykoterapi. Hjå terapeutane må ein betala mykje, men ein får ikkje noko svar. I litteraturen kan ein få svar.

Gravplassfestival

I Feiringen av livet fortel dei sju personane som møtest i gravferda, dramatiske historier om ho som har gått bort.

– Sjølv om eg skriv fiksjon, ligg det ofte verkelege historier bak. I Feiringen av livet er Bitta-Bitta med, og historia om han byggjer på minne om ein merkeleg mann frå barndommen min. Han sat bak buskene og såg på småjentene som bada. Me var svært redde for han, men han var ikkje valdeleg. Når eg skriv, nyttar eg både barndommen og minna mine. Eg trur at biografiske tilbakeblikk er svært viktige, og at livet er viktigare enn litteraturen.

– Kor vanleg er det at vener møtest til ei slik minnenatt etter ei gravferd?

– I Latvia har me ein slags «gravplassfestival» som neppe finst i andre land. Den første sundagen i august kjem folk saman på alle gravplassane kringom i landet. Dei går til gravene til slektningar og vener, og sidan går dei ut for å eta og drikka vin og minnast dei døde. I barndommen reiste me alltid til grava til bestemor, men det var ei feiring av livet. Folk fortel gode historier om dei som er borte; dei spøkjer og ler. Det er ein flott tradisjon, og det syner at livet går vidare. I Feiringen av livet får Helena større forståing for mor si etter møtet med dei sju venene. Gjennom historiene vert mora levande.

I tillegg til romanane har Nora Ikstena skrive noveller, biografiar og manus til dokumentarfilmar. Neste år kjem truleg spelefilmen som er basert på Mother’s Milk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

­– Begge bestefedrane mine vart deporterte
til Sibir.

Nora Ikstena, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis