Litteratur
Farvel til folkhemmet
– Mange ser velferdsstaten som identisk med folkhemmet, men det er reduserande, seier Lena Andersson, som skriv generasjonsroman frå 1900-talet.
Lena Andersson skriv for tida ein romanserie om det svenske sosialdemokratiet.
Foto: Henric Lindsten
I dei to nyaste romanane sine, Leas sønn og Datteren, tek Lena Andersson, spaltist i Dagens Nyheter, meiningssterk samfunnsdebattant og forfattar av ei rad skjønnlitterære og andre bøker, for seg det svenske folkhemmet. Ambisjonen hennar var å formulere ein fiksjon om ein familie som gjennom tre generasjonar speglar 1900-talet i Sverige. Frå Fattig-Sverige til Teknologi-Sverige på verdstoppen. Frå Lea via sonen Ragnar til dotter hans, Elsa.
– Eg ville skildre denne utviklinga i ein generasjonsroman, både materielt og på idéplanet inni hovudet på desse personane. Men eg ville spenne over denne tida med demokratiet som bryt fram, og korleis moderniteten stormar fram – især i Sverige. For det finst ikkje noko anna land som har tileigna seg moderniteten slik Sverige har.
Andersson seier ho er meir interessert i idear enn i psykologisk realisme, som er ei litterær retning som erstatta ideane i mykje av skjønnlitteraturen på 1900-talet.
– Då handlar alt berre om menneskeleg åtferd, kva dei ber med seg frå barndommen og så bortetter.
– Kva legg du i omgrepet folkhemmet?
– Mange ser velferdsstaten som identisk med folkhemmet, men det er reduserande. Velferdsstaten er berre ein komponent i folkhemmet. Folkhemmet er ein tidsepoke, dei 34 åra frå 1932 til 1966 då sosialdemokratane hadde den politiske makta i Sverige. Desse tiåra var prega av rasjonalitet, sosial ingeniørkunst, framstegstru, vitskapsoptimisme, sekularisering, nivellering og utjamning, sentralisering og urbanisering – summert opp i ekstrem modernitet. Alt dette leier til velferdsstaten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.