«Et lykkelig øyeblikk i norsk litteraturhistorie»
Kjærleiksdiktaren Jan Erik Vold er ingen eksaltert romantikar, men har eit jorda syn på kva kjærleiken er og kan vere, meiner Kaja Schjerven Mollerin.
Litteraturvitar og forfattar Kaja Schjerven Mollerin har nærlese den epokegjerande diktsamlinga til Jan Erik Vold frå 1968.Litteraturvitar og forfattar Kaja Schjerven Mollerin har nærlese den epokegjerande diktsamlinga til Jan Erik Vold frå 1968.
Foto: Julie PikeFoto: Julie Pike
I desse dagar er Mollerin ute med boka Historien om Mor Godhjerta, der ho kombinerer ei biografisk og kontekstuell lesing med alminneleg nærlesing av tekstane, utan å redusere dikta til ei reint biografisk historie. Resultatet er blitt ei utvida forståing av denne epokegjerande diktsamlinga til Jan Erik Vold.
– Mor Godhjertas glade versjon. Ja er ei bok eg har sett pris på lenge, og som har følgt meg sidan eg las henne første gong i tenåra. Desse dikta har alltid betydd mykje for meg, på ulike vis på ulike tidspunkt. Eg registrerte tidleg at det er skrive forbausande lite om ei bok som sidan utgivinga i 1968 har vore så kanonisert og så omsnakka, og som eg ser som ei av dei viktigaste diktsamlingane våre etter andre verdskrigen. Den fulle breidda og djupna i boka er merkeleg lite omtalt, især med tanke på kor stor merksemd mykje anna ved Profil-krinsen har fått.
– Kor viktig har det vore å få tilgang til alt bakgrunnsmaterialet frå forfattaren?
– Det var heilt avgjerande. Prosjektet mitt endra seg betrakteleg då eg fekk hand om det. Eg hadde lenge tenkt at det låg ei biografisk historie bak boka, for farens bortgang i 1967 kviler litt over heile Mor Godhjerta. Då eg fekk tilgang til fire notatbøker, korrekturar og lause ark frå den tida han arbeidde med diktsamlinga, såg eg at eg kunne skrive historia om korleis diktboka blei til.
Det var eit svært materiale. Notatbøkene er ei blanding av notat og dagbøker, mykje knytt opp mot arbeid og idear. Der har han prøvd ut tankar, leika seg med idear, nedteikna draumar.
– I Historien om Mor Godhjerta har eg prøvd å fortelje korleis han arbeidde med boka, heilt konkret frå idé til endeleg dikt, korleis ein kan følgje tankegangen hans. Ei historie på litt ulike nivå, der også tida han stod i, speler med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.