Kulturkommentar
Er den nye VM-låten god eller dårleg?Spørsmålet er feil stilt.
Skjermbilete frå musikkvideoen til «Vikingblod».
I samband med privatlandskampane til det norske herrelandslaget
i fotball i starten av påska lanserte supportergruppa Oljeberget låten
«Vikingblod». Med hjelp av Petter «Katastrofe» Bjørklund Kristiansen kunne dei
fortelje at bodskapen norske supportarar skal ha med seg til fotball-VM i
Nord-Amerika, er at dei kjem med, som låttittelen seier, vikingblod.
Fleire med dokumentert hitkompetanse er involverte i låten, til dømes Jonas Thomassen, som blei nummer to i Idol i 2006, og broren Martin. Dei
har spelt mykje med Vidar Villa, som i 2018 var med i Melodi Grand Prix med ein
låt til mora til brørne Thomassen, «Moren din».
Det var ein slags MILF-låt (om du ikkje veit kva det tyder,
lat det vere slik), laga for å provosere litt og kanskje òg kome eit stykke
opp på pallen. Til orientering var det Alexander Rybak som vann med pedagogiske
«That's How You Write a Song» det året.
Petter Katastrofe er ein av dei som tidleg skjønte urban
bygdekultur i by, altså råning, i Noreg, og korleis dette kunne seljast i
Sverige. Med bandet Halva Priset og «Den fineste Chevy’n» klarte han å setje
ord på dei dødelege konsekvensane av å køyre bil i fylla, med hjelp av mellom
anna Maria Mena.
Det er altså ingen amatørar som står bak denne låten, sjølv
om teksten kan framstå slik. «Vikingblod» er ein tekst som søkjer å knyte Leiv
Eriksson og slaget på Stiklestad saman med fotball-VM.
Teksten er pinleg teit, og så svak at ein nesten kan vere
trygg på at KI ikkje har vore involvert. Det meste er kasta inn for å få han til
å gå opp, som at «Amerika» får rime på «Stiklestad», og at «blod» rimar på
«ro». For å kome seg til Amerika må ein ekte viking sjølvsagt ro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.