Bok
– Elsk dei demente også
– Først vert du mor, så vert du bestemor, før du vert mor til di eiga mor. Det er ikkje lett.
Forfattar Sólrún Michelsen.Forfattar Sólrún Michelsen.
Foto: Fonna Forlag
Slik har det vore for den færøyske forfattaren Sólrún Michelsen (69). Ho har skrive roman om å ta seg av ei dement mor.
Så langt er Sólrún Michelsen ukjend for dei fleste norske lesarar, men denne sommaren er to av romanane hennar sette om til norsk. Den eine til nynorsk, den andre til bokmål. Oppsvinget heng blant anna saman med at Michelsen vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2015 for romanen På den andre sida er mars. Dei to forlaga Fonna og Orkana var båe interesserte, og fekk sette om éi bok kvar.
SLUMPEN AVGJORDE
Sólrún Michelsen har arbeidd både i Telegrafverket og IT-firma på Færøyane, før ho vart direktør i eit engrosfirma i Torshavn. Ho debuterte litterært først då ho var 45 år, og sidan 2008 har ho vore forfattar på heiltid.
Det byrja med ei barnebok i 1994.
– Eg hadde aldri tenkt at eg skulle verta forfattar. Det var slump at det vart slik. Eg skreiv nokre historier om barndommen min for å syne skilnaden mellom born på 1950-talet og 1990-talet. Det var mest for borna og barneborna mine, men dei tykte at historiene fortente å koma i bok, og slik vart det. Det var spennande å skriva, og difor heldt eg fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.