Bok

¿ Eit peik mot Ibsen

Sjølv om Vigdis Hjorth aldri har klart å tru heilt på Hedda Gabler, valde ho henne då ho blei invitert til å skrive roman om ein Ibsen-skikkelse på fritt grunnlag.

Vigdis Hjorth har skrive fleire prislønte bøker sidan debuten i 1983.
Vigdis Hjorth har skrive fleire prislønte bøker sidan debuten i 1983.
Publisert

Litteratur

Romanen hennar, Henrik Falk, er ledd i eit nordisk samarbeid, der danske Merete Pryds Helle skriv om Nora og svenske Klas Östergren tek for seg Hilde Wangel frå Rosmersholm og Byggmester Solness. Medan dei to andre har plassert historiene sine i fortida, har Hjorth skrive frå notida. Så oppteken som ho er av si eiga tid, ville det vore utenkjeleg for henne å skrive ein historisk roman.

I Henrik Falk har forfattaren snudd opp ned på kjønnsrollene. Her er Hedda blitt Henrik Falk, Jørgen Tesman blitt Elsa Brun Hansen, dotter av ein bensinstasjonseigar, og Eilert Løvborg blitt kunstnaren Tale Løvlie. Henrik er ein fallert og forgjelda skipsreiarson som til si store fortviling har måtta gifte seg inn i den småborgarlege Brun Hansen-familien.

– Kvifor valde du Hedda Gabler?

– Utgangspunktet mitt er at eg har vore usamd i ein analyse som går ut på at Hedda, som ikkje finn seg til rette i tilværet, lengtar etter det store, det skjønne og det reine. Kanskje ho innbiller seg sjølv det, men om ho verkeleg hadde denne lengten, ville ho ikkje brent Eilert Løvborgs manuskript. For der ligg jo kimen til noko som kanskje kunne endre tilværet til noko høgare, vakrare. Den livskjensla som eg lèt hovudpersonen Henrik ha, er fylt opp av trivialitetar og alt som er smått. Om eg skulle forandre på han, måtte det vere i retning av at han lærte å setje pris på det han har, at han skal ha eit barn, at han har eit arbeid, kunne glede seg over desse små tinga.

Vigdis Hjorth utstyrer han med den same uhugen over tinga som Hedda har, med ei førestilling om at han sjølv er ein annan type menneske enn dei han omgir seg med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement