JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Eit ope sår i historia

På eit besøk hos svigermora fekk Simon Stranger høyre ei historie som resulterte i romanen Leksikon om lys og mørke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Simon Stranger fann ein ny innfallsvinkel til historia om Henry Rinnan og den norske jødeutryddinga gjennom svigermor si.

Foto: André Løyning

9531
20180810

Bakgrunn

Simon Stranger

Fødd i 1976

Oppvaksen i Oslo

Debuterte i 2003 med romanen Den veven av hendelser vi kaller verden

Romanen Leksikon om lys og mørke kom ut i sommar

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Historia som svigermor Grete Komissar fortalde, grensar til det utrulege: Like etter krigen hadde besteforeldra hennar flytta inn i ein villa i Jonsvannsveien 46 på Øvre Singsaker i Trondheim. Fram til maidagane i 1945 hadde Henry Oliver Rinnan og banden hans hatt dette som hovudkvarter og base for tortur, mishandling og drap. At ein jødisk familie som hadde mista to av sine – kanskje som direkte følgje av Rinnans vondskap – ville busetje seg i «bandeklosteret», var meir enn nokon kunne tru.

– Då svigermor fortalde at ho og søstera hadde stått i trappa ned til torturkjellaren og selt heimelaga billettar til ei lita teaterframsyning der nede, innsåg eg at dette måtte eg skrive om. Ofte kan skrivinga byrje med ein detalj, eit bilde eller ein situasjon som ikkje går vekk, og som er kompleks nok til at ein vil setje i gang eit arbeid som ein veit vil ta fleire år.

Ei uløyst gåte

Historia er så absurd. At ein jødisk familie få år etter krigen flyttar inn i kanskje det mest kjende symbolet på vondskap i Trondheim. Bestefar til Grete, Hirsch Komissar, blei drepen i skogen utanfor Falstad leir, og endå ein slektning måtte bøte med livet. Så kvifor kjøpte dei dette, av alle hus? Det spørsmålet blei også ein motor i skriveprosessen, for det hadde ikkje svigermor svar på.

Så vev Simon Stranger krigshistoria til den jødiske svigerfamilien sin saman med livet og lagnaden til Henry Rinnan og skaper slik eit dobbelportrett, ein dokufiksjon som kastar lys over antisemittisme, krig og vondskap i Noreg. Men kvifor har han gitt romanen form som eit leksikon, med oppslag under kvar bokstav i alfabetet?

– Eg skreiv eit førsteutkast som eg ikkje var nøgd med. Så skreiv eg eit alfabetisk brev til Hirsch Komissar og kjende at det hadde ein heilt annan intensitet enn resten av teksten. Og det sa meir på fleire nivå, slik ein roman skal, helst skal han også sirkle inn det som er ordlaust. Då følte eg at det estetiske ved romanen også byrja fortelje meir av det eg hadde lyst til å seie, i sjølve forma. Så ville eg sjå korleis det kunne fungere om eg sette resten av materialet mitt inn i leksikonforma. Det grepet fekk heile romanen til å opne seg, det gav dessutan luft til leseopplevinga og rom til korte tekstbitar som elles hadde vore vanskelege å ha med.

Psykologisk portrett

Ikkje minst handlar boka om fascisme og minoritetar. Og det er orda vi bruker om kvarandre, som skaper røyndommar og måtar å forstå verda på, som igjen kan skape vald, slik vi ser gong på gong. Hat mot minoritetar startar med ei forståing av røyndommen som byggjer på ord. Dette har relevans både før og etter holocaust.

I hovudsak er romanen skriven i tredjeperson, men innimellom vender forteljaren seg direkte til eit du, avdøde Hirsch Komissar. Forfattaren forklarar at insisteringa på å lyfte fram namnet er eit motsvar til det nazistane kalla «den endelege løysinga», jødeutryddinga. Så representerer det eit ønske om å utsetje det jødane kallar «den andre døden», når ingen lenger snakkar om deg eller nemner namnet ditt.

– I du-forma ligg noko prøvande. Det er openbert at eget freistar å leve seg inn i og skildre omgivnadene til duet. For lesaren ligg det noko intimt i det å vere tilskodar til ei brevveksling mellom andre.

– Du koplar den jødiske svigerfamilien din til Rinnan, men finn aldri prov for at Hirsch Komissar blei arrestert og seinare skoten som direkte følgje av Rinnans handlingar. Følte du at det svekte prosjektet ditt?

– Nei. Eg var kommen langt på veg med boka før eg kopla dei to. Når eg ikkje fann det avgjerande provet, tenkte eg at samanhengen mellom dei var sterk nok i seg sjølv. Og framleis ser eg det slik at Rinnan kan ha vore mannen som fekk Hirsch fengsla. Nokon må ha høyrt at han samtalte med andre om nyhende frå BBC på ein lokal kafé, og Rinnan er ein sannsynleg kandidat slik han opererte på den tida.

Stranger har laga eit psykologisk portrett av Henry Rinnan. Ein freistnad på å skjøne kva som dreiv han, kvifor han blei som han blei. Han skildrar oppvekst og ungdom og legg vekt på fattigdom, utstøyting, audmjuking og plaging og at han berre nådde 1,61 meter over bakken. Han blei omtalt som ein stillferdig og snill gut av læraren i Levanger. Og så endar han som ein av dei verste torturistar og massedrapsmenn i historia vår.

Eit fatalt val

– Eg freistar å gå inn i tankane og handlingane hans og forsvare han innanfrå. Men eg ser at han hadde fleire høve til å gjere heilt andre val enn han gjorde. Han hadde ikkje trunge å bli Henry Rinnan. Men så er det denne kjensla av utanforskap og sinnet han møter det med. Dette føler eg er relevant for vår tid, når utanforskap, særleg blant unge menn, vender seg til aggresjon.

For Rinnan verkar det slik, det er om å gjere å bety noko. Eg trur han kunne vore ein glimrande mann for motstandsrørsla, men så ville tilfellet at nazistane fekk tak i han først. Og når han hadde valt den sida, slik mange nordmenn gjorde, tok han ansvar sjølv. Då eg byrja skrive denne boka, tenkte eg på det som eit historisk prosjekt, men no ser eg det òg som eit samtidsprosjekt – ikkje minst med tanke på framveksten av høgreekstremisme i vår tid.

Eit fatalt val den unge Rinnan gjer midt på trettitalet, er at han tek til å stele frå sportsbutikken der han har fått arbeid. Til slutt blir han så grådig at han blir avslørt og må gå. Dette nederlaget, som han sjølv er skuld i, får han til å hate alt og alle, fortel Stranger. Og så kjem krigen.

– Den unge Henry Oliver blir ein heilt annan person når han kan tre ut av seg sjølv og gå inn i ei rolle. Er det slik vi må forstå svikaren og torturisten òg?

– Det trur eg. Eg trur han følte at dette var ein kamp der folk hadde valt side. Det var som dei agenthistoriene han hadde slukt som ung, men no var det verkeleg.

– Kan dette forklare både at han valde feil side, og handlingane han gjorde seg skuldig i?

– Ja. Men også bruken av rus, især Pervitin-tablettane som tyskarane gav han, og som piffa han opp. I kaoset i det siste krigsåret, med stadig nye krav frå den tyske leiinga, blei mykje gjort i rus. Livet i «bandeklosteret» blir eit samansurium av festar, tortur og drap. Det einaste det verka som Rinnan angra på då han sat i rettssalen etter krigen, var at han hadde drepe to uskuldige menn, far og son, som ein rein hemn.

– «For ham gjelder ingen regler», skriv du om Rinnan. Det gjaldt visst på alle område i livet?

– Etter at han er blitt ein viktig mann for tyskarane, føler han ein kjempefridom. Han har makt, kjenner seg attraktiv, folk ser opp til han, dei lyttar til han, han tener godt, har mange privilegium og får ein heilt annan sjølvtillit overfor kvinner.

Ikkje jøde, menneske

– Trur du Rinnan var så sjuk etter merksemd at han kunne gle seg over rettssaka mot han?

– Absolutt. Han tok endåtil på seg skulda for brotsverk han ikkje hadde gjort. Han likte nok å vere i rampelyset. Det er det jo ein viss annan nordmann som synest å ha likt òg. Kjem ein forbi eit visst punkt, tek ein det ein får med ei mørk glede.

– Det er lett å kjenne avsky for Rinnan. Men er det også noko du beundrar ved han?

– Kanskje at han var munnrapp og smart. Det var svært viktig for meg å ikkje teikne eit bilde av han som eit monster, men freiste å skrive han ut som ein person med ein barndom, lengsler og kjensler, opp- og nedturar. Eg trur eg ville gjere samfunnet ei bjørneteneste om eg skildra han slik at ein måtte tru dette var noko som ikkje kan skje igjen. Monsteret kviler inne i oss. Under dei rette føresetnadene er mange av oss i stand til å utføre vald. Vi har sider som ikkje berre er vakre. Noko av oppgåva for eit samfunn er å halde dei sidene nede og lokke fram dei gode.

– Kor mykje er sanning og kor mykje dikt i portrettet av Rinnan?

– Eg har studert mange biografiar og reist i fotspora hans, dei ytre hendingane skal vere riktige. Så er det dette å leve seg inn i tankar og kjensler, forhåpentleg er 70–80 prosent riktig. Men dette er ikkje Sanninga om nokon av karakterane, berre min versjon. Det er skrive mange tusen sider om Rinnan. Men når det gjeld kva han sjølv har tenkt og følt, og opplevingane hans i nære relasjonar, blir det eit lag av fiksjon.

– Boka di er vel også ein freistnad på å forklare jødehatet for små born med jødisk blod i årene, dine eigne ungar?

– Det òg, ja. Og ein freistnad på sjølv å forstå det. Ingen i familien vår er truande, vi er ikkje jødar, vi er menneske, som son til Hirsch sa ein gong. Det er noko med dette å redusere folk til ein kategori. Ikkje minst når vi snakkar om minoritetar, skjer det slike grove forenklingar. Særleg er det knytt så mange negative assosiasjonar til ordet jøde. Og tenk på korleis vi omtaler migrantar i dag.

– Du skriv altså om den jødiske svigerfamilien din. Kva betyr denne historia for deg?

– Det betyr ein del, dette er jo historia til borna mine òg. Det er eit stoff eg har vondt for å snakke om utan å bli rørt av det, så det må bety ein heil del. Og så prøver eg å sjå for meg dei menneska som er borte. Når eg tenkjer på dei seks millionar jødane som blei drepne, er det som ein avgrunn opnar seg. Det er eit stort, ope og vondt sår i Europas historie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur Rinnan kunne vore ein glimrande mann for motstandsrørsla.

Simon Stranger, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis