Eit forsvar for kitschen

Pengane har invadert kunstverda, noko det eigentleg kunstnarlege lir under, meiner kulturhistorikar Arne Lie Christensen.

Publisert

Med boka Elg i solnedgang. Et kulturhistorisk blikk på bilder har den pensjonerte folkelivsgranskaren Arne Lie Christensen levert eit forsvar for «folket» mot «eliten» og ei sjølvtrygg kunstverd som så lett stemplar det som ikkje fell i deira smak, bygd på ein lang tradisjon for klasseforakt.

At det primært er nettopp etnologar og folkelivsgranskarar som har interessert seg for kva folk flest har på stoveveggene sine, overraskar ikkje Christensen, som har hatt dette som ei interesse i fleire tiår. Men heller ikkje fagfellane hans har vore særleg opptekne av desse bileta, noko som viser att i fråværet av slikt i folkemusea.

– Dei masseproduserte objekta som var så dominerande frå andre helvta av 1800-talet, især oljetrykk i store opplag, er blitt kraftig underprioriterte. Det gjaldt også om dei var laga av profesjonelle kunstnarar. På musea får vi vite alt om korleis folk hadde det i kjøkenet og på soveromma, men bileta på stoveveggen er i svært liten grad med.

– Treng eit bilete vere kunst for å ha verdi?

– Slett ikkje. Bileta eg har på veggen min, er knytte til min person, mine interesser, mi historie. Ofte er det motivet, ikkje at det er kunst, som gjer at ein person kjøper eit måleri. Det kan vere greitt nok å ønskje seg eit bilete som gir hygge i stova, og då kan den berømte «Elg i solnedgang» gjere teneste. Eg vil absolutt ikkje gi kunststatus til alt som heng på stoveveggene hos folk, heller ikkje hos meg sjølv. Generelt må ein forstå dette i ein samanheng; kunsten er ein del av ein heim, ein familie.

– Er originalen nødvendigvis meir verdifull enn kopien?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement