Litteratur

Eit forsvar for galningane

Roy Jacobsen var i gang med å samle stoff til eit femte bind i romanserien om folka på Barrøy. Men så trengde ei anna historie seg fram og gjorde krav på å bli skriven – romanen De uverdige.

Roy Jabobsen har skrive om tilværet til ei gruppe ungdommar på austkanten i Oslo under andre verdskrigen.
Roy Jabobsen har skrive om tilværet til ei gruppe ungdommar på austkanten i Oslo under andre verdskrigen.
Publisert

Med denne boka gir Roy Jacobsen oss eit heilt anna perspektiv på den tyske okkupasjonen enn det vi er vande med å lese om. Her er det ikkje motstandskamp og heltemot, men kampen for det daglege tilværet i ein bygard på Oslos austkant – med ei gruppe ungdommar som sentrum i eit rikt persongalleri.

– Målet har nettopp vore å gi eit litt anna perspektiv. Mitt utgangspunkt var å ville teikne eit anna bilete, men ikkje dømme desse personane og gjerningane deira med våre moralske standardar av i dag. Det er jo heilt historielaust.

Ein mangel

Utan at han har direkte kjennskap til denne tida, seier forfattaren at han har følt at det manglar noko i det som er skrive.

– Eg er fødd berre ni år etter krigen, så eg har jo språket og sosiolekten inne. Og eg er oppvaksen med forteljingar om krigen, også slike som ikkje stod i avisa.

– Du må ha drive mykje kjeldegransking.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement