Eit forsvar for å vere åleine
Har du eit rikt indre liv, er det ikkje sikkert at eit anna menneske representerer eit positivt tilskot, seier forfattar Bjørn Olaf Johannessen.
Den namnlause hovudpersonen i Johannessens nye roman er ein einsleg mann nær dei femti. Men ingen treng tykkje synd i han for det.
Foto: Jacob Johannessen Maske
Den namnlause hovudpersonen i Johannessens nye roman, Avskjedstaler gjennom tidene, er ein einsleg mann nær dei femti og «allerede langt over toppen». Han lever eit rutineprega liv utan store skakingar av noko slag. Men korkje forfattaren eller mannen sjølv ser nokon grunn til at vi skal tykkje synd i han, for han er ikkje noko offer. Rett nok har han angst for å halde tale, og for å sleppe å halde avskilstale har han jobba i den same verksemda i snart 25 år. Men no planlegg sjefen jubileumsmarkering, kva gjer den taleskye då?
Bergensaren Bjørn Olaf Johannessen (54) er utdanna sivilingeniør og arbeidde i tolv år som forskar i Sintef og Norske Veritas før han tok til å skrive manus for spelefilm og TV-seriar, og no er han ute med sin andre roman. I framtida håper Johannessen å kunne drive vekselbruk mellom bok og film/TV-seriar, gjerne med ein ny roman kvart andre år. No har han skrive manus til ein film om Trotskijs tid i Noreg, og så skal han saman med kontorfellane Per Schreiner og Erlend Loe skrive ein ny TV-serie.
Han fortel at han gjennom åra har fundert ein del på mange av dei rituala vi omgir oss med i arbeidslivet, mellom anna avskilstalar når ein sluttar i ei verksemd.
– Mange synest det er vanskeleg å halde tale, og vil for alt i verda unngå det. Eg synest sjølv det er ubehageleg å tale i forsamlingar. Så slo tanken meg at kanskje finst det folk som har late vere å bytte jobb fordi dei ikkje orka tanken på å måtte tale. Eg såg dette som ein morosam premiss for ei historie, og kanskje ikkje så søkt som ein skulle tru. Det finst nok av døme på at småting kan avgrense folks liv.
Dette, saman med ei oppleving på det private planet, gav forfattaren ideen til Avskjedstaler gjennom tidene. Hovudpersonen har berre éin venn, den halvt demente mor si, som han har eit både kjærleg og vennskapeleg forhold til. For Johannessen var det eit poeng å gjere den gamle mora til ikkje eit problem, men ein positiv skikkelse. Mora har vunne eit målarstykke i eit lotteri. Men biletet er i Oslo, og ho bur i Bergen. Sonen tilbyr seg å køyre til hovudstaden for å hente gevinsten.
Luksuskjensla
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.