Litteratur
Einars korte, men innhaldsrike liv
Einar blei berre fire og eit halvt år og éin dag. Likevel fekk det korte livet hans svært mykje å seie for mange. No har han fått si eiga bok.
For snart fire år sidan døydde Einar Prestøy Sandsund heime i Dale i Sunnfjord. Då hadde meir enn halve livet hans vore stadig sterkare prega av den sjeldne nervesjukdommen metakromatisk leukodystrofi (MLD), som kjem av mangel på enzymet arylsulfatase. Det gjorde at den vesle guten gradvis miste rørsle, språk og mimikk.
I Einars bok har Katrine Sele ikkje berre skildra eit liv, like kort som det var uvanleg, men også korleis dei kring han skapte føresetnader for at det livet han trass i alt fekk leve heile tida, var Einars liv, eit liv fullt og heilt på hans premissar. Det er blitt ei vondvakker forteljing som også er svært oppmuntrande.
Som lokalavisjournalist i Firda intervjua Katrine Sele i si tid foreldra til Einar, teaterregissørane Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund. Via Facebook fekk ho fleire år seinare kjennskap til historia om Einar. Då redaktøren for tidsskriftet Syn og Segn bad henne skrive eit essay om døden, kontakta ho foreldra til guten. Det blei byrjinga på eit djupdykk i eit miniliv og forteljinga om ein særeigen familie.
– Å skrive biografi om eit lite barn er ikkje som å skrive om eit vakse menneske?
– Dette var ei heilt anna verd å leve seg inn i. Det born er opptekne av, kan vere å halde ein frosk i handa eller søle vatn på beina sine. I Einars verd var dei små tinga store, og slike kan vere vanskelege å framkalle for ein forfattar som nærmar seg femti.
Heldigvis er livet hans uvanleg godt dokumentert, seier ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.