Litteratur

Ein ny Renberg står fram

Då Tore Renberg skreiv Øie=viise, 1720 og andre dikt, hadde han ei sterk kjensle av å skriva noko han aldri før hadde lese. Slik ser også den første diktsamlinga hans ut.

Tore Renberg skreiv sitt første dikt andre juledag 1986. No har han skrive 101 dikt etter å ha snubla over ei bok i Ål.
Publisert Sist oppdatert

– Då eg var 13–14 år gamal, var den store draumen min å bli forfattar, poet. Eg las heile den norske lyrikk-kanonen, var langt meir språkorientert enn oppteken av innhaldet: Kunne eg finna andre måtar enn den gjengse å uttrykkja noko på? Eg blei etter kvart først og fremst forteljar. Men prosaforfattarskapen min er sterkt prega av at eg lenge låg i hardtrening i lyrikkens teneste. For kvar bok går eg inn i ei ny form, ei ny stemme.

Ikkje i sin villaste fantasi hadde Tore Renberg sett for seg at den første samlinga hans skulle bli slik ho blei. Dei 101 dikta omfamnar eit språkleg kaos, men det finst eit system i galskapen, forsikrar forfattaren. Det språklege spennet overgår alt ein ventar å finne i ei diktsamling, med ord frå myrkauk til dickpic, den tematiske breidda likeins.

Galskapen byrja på eit bibliotek i Ål i Hallingdal.

– I februar 2023 var eg på ein fem dagars turné i dalen. På dagtid blei Ål bibliotek min heim. Der kom eg over årboka Dølaminne 2008 med ei engasjerande historie om Kari Pedersdatter Heje, ei visjonær kvinne på 1800-talet som kunne få anfall, blei «bortrykt» og fekk religiøse syner, der ho mellom anna såg Jesus med tornekrona, djevelen og den svarte porten til helvete.

– Forma gav seg sjølv

Sporenstreks sette han seg ned og skreiv eit dikt om «Vis-Kari», som ho blei kalla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement