Ein gullalder for barne- og ungdomslitteraturen
Åra frå 1970 til i dag har langt på veg vore ein samanhengande vekstperiode for norsk barne- og ungdomslitteratur, meiner trioen bak den tredje og sterkt utvida utgåva av Norsk barnelitteraturhistorie.
– Vi finn mykje uro, tvil og desperasjon i ungdomslitteraturen, både av kvinnelege og mannlege forfattarar, og her er dei harmoniske løysingane sjeldsynte, seier Tone Birkeland.
Foto: Ragnhild Osnes Olsen
Tone Birkeland, som har skrive historia saman med Gunvor Risa og Karin Beate Vold, peikar på at det har vore vekst ikkje berre i omfang, men òg i kvalitet. Det går ikkje minst fram av at bøker for born og unge er blitt ein viktig kulturell eksportartikkel.
Berre i tiåret 2005–2015 kom det om lag 3000 nye norske titlar for desse lesargruppene, fortel Birkeland. Ho strekar under at den lange suksesshistoria knapt hadde vore tenkjeleg utan dei ulike offentlege støtteordningane for barne- og ungdomslitteratur. Den sjangeren som har hatt størst vekst i både omfang og kvalitet, og som i stor grad har nådd ut på verdsmarknaden, er bildeboka.
Eit heilt nytt kapittel som dei tre forfattarane lyftar fram, er litteratur som tematiserer det fleirkulturelle møtet.
– Den aller første boka i den sjangeren, Pakkis, av Khalid Hussain, kom alt i 1986, men stod lenge heilt aleine. Så tok etnisk norske forfattarar til å skrive «på vegner av» innvandrarar. Først på 2000-talet kom ei lita oppblomstring av bøker skrivne av personar med minoritetsbakgrunn, det har nok delvis samanheng med at Norsk barnebokinstitutt oppmoda desse til å ta forfattarstudiet. Så langt har vi berre sett byrjinga. Etter at vi sette punktum for boka, har fleire komme til. Også kvinner, gledeleg nok, seier Birkeland.
Eit anna nytt trekk er den sterke veksten i faglitteratur for born. Der nemner Birkeland spesielt Jostein Gaarder, Erna Osland, Bjørn Sortland og Jon Ewo, som forfattartrioen meiner har vitalisert denne sjangeren. Dei beveger seg lett mellom fag og fiksjon, noko som set preg på den norske faglitteraturen for born.
I boka får ei gruppe «portalfigurar» særleg omtale: Tor Åge Bringsværd, Tormod Haugen, Einar Økland, Ragnar Hovland, Fam Ekman, Rune Belsvik, Gro Dahle og Harald Rosenløw Eeg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.