Ei røyst for dei undertrykte
Sara Omar vil hjelpe nye generasjonar muslimar med å bryte ut av lenkjene til religionen, kulturen og patriarkatet.
Sara Omar fekk eit stort publikum med debutromanen sin, men fekk òg problem med dei som ikkje tolte bodskapen. Omar bur no på hemmeleg adresse.
Foto: Ida Guldbæk Arentsen / Ritzau / NTB Scanpix
Med romanen Dødevaskeren fekk den dansk-kurdiske debutanten Sara Omar i 2017 eit internasjonalt gjennombrot som forfattar. Boka tok eit kritisk oppgjer med ugjerningar utførte i Allahs namn. Dødevaskeren blei utropt til årets viktigaste roman i Danmark og gjorde den då 31 år gamle forfattaren til talerøyr for undertrykte muslimske born og kvinner – og til hatobjekt for autoritære, undertrykkjande menn. No er ho ute med oppfølgjaren, Skyggedanseren.
Det å kritisere undertrykkinga og den usæle blandinga av religion og kultur som rår i visse muslimske samfunn, har konsekvensar. Omar har måtta gi avkall på mykje av fridommen sin, men kjenner seg likevel friare enn den unge Frmesk, som er hovudpersonen i både Dødevaskeren og Skyggedanseren. Som følgje av trugande åtferd og hyppige trugsmål er forfattaren under skjerpa vakthald. Ho har hemmeleg adresse og skiftar opphaldsstad innimellom.
– Prisen er høg, men det er det ein må betale for å skrive om dei tinga eg skriv om, seier Omar lakonisk.
For bøkene og for det uredde samfunnsengasjementet sitt har ho fått fleire prisar.
Etter at debutromanen kom ut, måtte Omar ha politivern. Det er ikkje blitt betre etter andreboka, der ho mellom anna omtalar den radikale islamismen som ei gift som legg land etter land audt for frie tankar og frie menneske.
– Det gjeld å setje ord på det andre ikkje vil høyre. Den som gjer det, møter ofte reaksjonar som ikkje er så hyggelege. Kjem du frå den ytste høgrefløya og er full av rabiate haldningar, er du ikkje betre enn dei ekstreme muslimane. Desse ytterpunkta fôrar kvarandre og kan ikkje leve utan kvarandre. Saman utgjer dei ein farleg cocktail.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.