Ei røyst for andre røyster
Drivkrafta til Vibeke Løkkeberg har vore å formidle røyster som elles ikkje ville bli høyrde. Filmskaparen og forfattaren fyller 75 år denne veka.
Vibeke Løkkeberg og Terje Kristiansen på Aschehougs hagefest i august i fjor.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Ho har ikkje gått omvegar, men styrt rett fram etter eige hovud. For mange har det vore for mykje, især frå ei kvinne. Men Vibeke Løkkeberg er sterk, ho veit kva ho vil og går ikkje av vegen for motstand.
– Å utsetje seg for noko, ta kroppen sin med inn i det, vere det, spele det – der ligg mi scene.
Løkkeberg gjer det klart at filmvitar Johanne Kielland Servolls bok er ein uautorisert biografi. Hovudpersonen er blitt intervjua, og ho har gitt forfattaren fri tilgang til arkiv, rekneskap og private brev. Men Løkkeberg har berre hatt sitatsjekk og elles ingen innverknad på det som står skrive.
Sjølv opplever den tidlegare fotomodellen, skodespelaren, filmregissøren og stadig aktive romanforfattaren denne biografien som eit bilete på korleis omverda ser henne.
– Omgivnadene har dytta på meg ein del profilar: sexobjekt, heks, primadonna og meir til. Ved å bli brukt på ein spesiell måte i filmane til Pål Løkkeberg blei det fort slik omverda oppfatta meg.
– Kjenner du deg att i biografien?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.