Ei røyst for andre røyster
Drivkrafta til Vibeke Løkkeberg har vore å formidle røyster som elles ikkje ville bli høyrde. Filmskaparen og forfattaren fyller 75 år denne veka.
Vibeke Løkkeberg og Terje Kristiansen på Aschehougs hagefest i august i fjor.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Bakgrunn
Vibeke Løkkeberg
Fødd i Bergen 22. januar 1945
Modell, skodespelar, regissør og forfattar
Har laga filmar som Abort (1971), Åpenbaringen (1977), Løperjenten (1981), Hud (1986), Der gudene er døde (1993) og Gazas tårer (2010)
Har skrive romanar som Leoparden (1989), Jordens skygge (1995), Purpur (2002), og Frokost på stupet (2018)
Fekk Amanda-komiteens ærespris i 2015
Filmvitar Johanne Kielland Servoll gjev no ut boka Vibeke Løkkeberg. En kunstnerbiografi.

Jubileum
janh@landro.bergen.no
Ho har ikkje gått omvegar, men styrt rett fram etter eige hovud. For mange har det vore for mykje, især frå ei kvinne. Men Vibeke Løkkeberg er sterk, ho veit kva ho vil og går ikkje av vegen for motstand.
– Å utsetje seg for noko, ta kroppen sin med inn i det, vere det, spele det – der ligg mi scene.
Løkkeberg gjer det klart at filmvitar Johanne Kielland Servolls bok er ein uautorisert biografi. Hovudpersonen er blitt intervjua, og ho har gitt forfattaren fri tilgang til arkiv, rekneskap og private brev. Men Løkkeberg har berre hatt sitatsjekk og elles ingen innverknad på det som står skrive.
Sjølv opplever den tidlegare fotomodellen, skodespelaren, filmregissøren og stadig aktive romanforfattaren denne biografien som eit bilete på korleis omverda ser henne.
– Omgivnadene har dytta på meg ein del profilar: sexobjekt, heks, primadonna og meir til. Ved å bli brukt på ein spesiell måte i filmane til Pål Løkkeberg blei det fort slik omverda oppfatta meg.
– Kjenner du deg att i biografien?
– Ja. Men når eg les kor forskjellig eg og filmane mine er blitt oppfatta, synest eg det er synd. Det syner litt av dei vanskane eg har hatt med å kommunisere ut kva eg gjer og kva eg vil.
Filmskaparen og romanforfattaren frå Laksevåg er ikkje framand for at ho kan komme til å skrive ein sjølvbiografi. Det er lett å merke at Vibeke Løkkeberg har lyst til å gi oss sitt eige bilete av kvinna så mange har meint så mykje om.
– Kva har vore drivkrafta di alle desse åra?
– Å formidle røyster som elles ikkje blir høyrde. Dette kjem nok frå oppvekstmiljøet mitt, der eg kom tett innpå menneske som hadde det vondt. På nært hald fekk eg sjå sosial urettvise og rein naud. Alt som barn kjende eg ein styrke som gjorde at eg tok ansvar for mange i gata som hadde tragiske lagnader. Noko av dette ser du i Løperjenten, filmen eg laga i 1981. Ein forfattar kunne ikkje ha ønskt seg ein betre stad å vekse opp, for der var det liv!
Kvinnerolla
– Var det der det sosiale engasjement ditt voks fram?
– Tidleg kjende eg omsorg for dei ikring meg; mor mi, som ikkje hadde det godt i ekteskapet etter at far gjekk konkurs, og ein venn som blei mobba, så eg måtte verne han. I seksårsalderen såg eg to fyllikar som slost på torget. Eg blei så opprørt at eg hoppa opp på ryggen til den eine, og der hang eg.
Dette engasjementet er stadig like sterkt. Det er som om all avstand blir borte i møte med nokon som har det vondt eller lid naud. Då betyr det lite om det skjer i barndommens gate eller i Serbia eller Gaza.
Biografen skriv at «70-tallets credo om å gjøre det personlige politisk har vært bærende for hennes kunstneriske virke». Det kan Løkkeberg skrive under på.
– Eg ville syne korleis samfunnet er, korleis kvinnerollene blir påverka av samfunnsstrukturane. Eg har ikkje vore styrt av ideologi, berre humant interessert i korleis politikk eller kvinnesyn avgrensar eller skader ei kvinne. Då filmane mine kom ut, var eg spent på korleis dei verka på publikum, om dei ville reagere og agere mot uretten eg synte fram. Men dette vonde ville dei ikkje ta innover seg. I staden for å bli nysgjerrige og gå inn i det som blir fortalt, blei dei sinte. Så tok dei kvinna i staden for ballen. Det var vel derfor eg blei så berømt!
– Den første filmen du regisserte, Abort frå 1971, kor viktig blei han for deg?
– Svært viktig. Eg gjorde ei personleg erfaring som fekk meg til å skjøne systemet, kor undertrykkjande det var og kva enorme konsekvensar det kunne ha for eit kvinneliv. Best av alt; filmen hadde faktisk ein verknad på norsk abortlovgiving.
Kjønnsleggjort
Spør du Vibeke Løkkeberg kor mykje ho trur at kjønn har hatt å seie for korleis ho og filmane hennar er blitt mottekne her heime, er svaret kontant: «absolutt alt.»
– Vi kvinner blir mindre seriøst vurderte av kritikarane. Heldigvis har eg langt meir positive opplevingar i møte med publikum. Men dersom mannlege kritikarar skriv ned ein film, som dei gjorde med Hud og Åpenbaringen, blir det nesten knytt skam til å sjå filmen. Verst var det då Arne Hestnes i Dagbladet skreiv om rumpa til Marie Takvam i Åpenbaringen og utløyste den skrekkeleg stygge «rumpefeiden». I den saka var det nok av svik. Dette kunne ha knekt meg, men så blei Åpenbaringen invitert til New York og synt på Modern Museum of Art. Der fekk filmen stor merksemd og gode kritikkar, det same skjedde i Chicago, San Francisco og Los Angeles, og filmen vann prisar på fleire festivalar.
– Kvifor tru du filmane dine er blitt meir positivt mottekne i utlandet enn heime?
– Ute var dei ikkje opptekne av at eg er kvinne. Dei største avisene i USA laga store intervju med meg og melde fleire av filmane. Løperjenten blei kåra til ein av årets ti beste utanlandske filmar i USA. Litt av forklaringa på motstanden her heime kan vere den sterke fokuseringa på meg som person, eg blei kjønnsleggjort.
Løkkeberg meiner at kunstnaren har plikt til å engasjere seg i humanitære konfliktar. Ikkje alle ser det slik, og det forbausar henne. Ein er jo til i verda, ikkje berre i sitt eige kunstnarunivers. Det er viktig å spegle verda, og då må ein også ta stilling til det som skjer.
– Du må tidleg ha kjent ein sterk trong til å bli kunstnar?
– Eg ville berre bli målar, songar, skodespelar, ballettdansar, til stor irritasjon for far min. Han serverte alltid replikken om at kunstnarvegen er tornefull. Og det fekk han jo heilt rett i!
Ho bryt ut i hjarteleg latter. Sjølvmedkjensle har aldri vore ei favorittøving for Vibeke Løkkeberg. Derfor vil ho heller ikkje vere med på at filmkunsten hennar har vore misforstått her i landet.
Sterk
– Men har du kjent deg som eit medieoffer?
– Ingen har klart å gjere meg til offer! Då kunne eg ikkje ha halde fram med virket mitt. Eg synest eg har takla konfrontasjonane bra, sjølv om media i nokon grad har hatt moro av å teikne eit kaotisk bilete av meg. Dei temaa eg har teke opp, har vore konfronterande, og pressa har kunna nytte dei på den eine eller andre måten – helst den andre.
– Du må ha hatt ein veldig indre styrke, eit enormt pågangsmot og ein sjeldsynt kampvilje, med alle stormane du har ridd av og alt du har stått i?
– Eg trur eg er svært sterk, men det har hatt ein pris. Tidleg skjøna eg at det ikkje var lett å vere kvinne i det faget eg hadde valt. Eg har visst at eg hadde ei oppgåve eg skulle utføre. Men det har også kosta for dei to døtrene våre. Eg beundrar korleis dei har takla alt dei har opplevd på grunn av meg, og gler meg over at dei heilt på eiga hand har skapt sine eigne karrierar. Pågangsmotet mitt har alltid vore der. Skulle eg gi opp det, kunne eg like gjerne gi opp livet. Eg kjenner heile tida at eg må halde fram, gjere noko meir. Slik skal mitt liv vere.
Terje Kristiansen, ektemannen hennar gjennom 45 år, sa i eit intervju for nokre år sidan at kona hadde lært han å leve ærleg. Ho tolkar det som uttrykk for at ho er ei kompromisslaus kvinne som ikkje godtek noko halvhjarta eller lunke. Det må vere ordentleg, heilt og fylt av ærlegdom.
– Det ligg litt automatikk i det frå mi side, du går ikkje inn i eit forhold som er halvvegs.
Vibeke Løkkeberg nytta familiemedlemer i spelefilmane sine, noko som blei møtt med kritikk frå ulike hald. Men der var ho urokkeleg, det er ein auteurs fulle rett å gjere alle kunstnarlege val. Då ho i 1996 blei nekta støtte til det nye prosjektet, «St. Hansnatten», fordi ektemannen og selskapet deira skulle vere produsent og eldstedottera etter audition hadde fått hovudrolla, blei det kroken på døra for spelefilmregissøren Vibeke Løkkeberg.
– Då døydde auteuren i norsk film, for dette gjaldt ikkje berre meg.
– Dei siste 25 åra har du laga éin film. Det må ha skapt abstinensar?
– Då hadde eg berre ein ting å gjere: setje meg ned og skrive fem–seks bøker. Så tenkte eg, som eg framleis gjer, at eg skulle lage eit filmmanus over oppvekstskildringane frå Bergen som finst i romanane mine. Målet mitt var heile tida å lage film av desse historiene. Det har vore fint å skrive romanar, men helst ville eg lage film heile livet.
– Var romanskrivinga ei flukt frå alle kampane?
– Det byrja med at Gordon Hølmebakk i Gyldendal oppmuntra meg til å skrive ein roman. Boka blei godt motteken. Då såg eg for meg at eg for framtida ville veksle mellom filmproduksjon og romanskriving. Slik blei det ikkje. Men eg er stolt over det eg har fått til som romanforfattar. Især Purpur frå 2002, som blei seld til sju land, blant dei Hellas og Russland. For den boka slo Italias president meg til riddar av den italienske solidaritets stjerneorden.
Krig
Få norske filmkunstnarar, om nokon, har sagt nei til fleire tilbod frå utlandet enn Vibeke Løkkeberg. Dei kom frå Roma, frå New York, frå Nederland. Men måten ho var blitt utnytta på i arbeidet med Pål Løkkebergs filmar og røynslene hennar frå utlandet, gjorde at ho kunne sjå bak glamouren. Metoo-skandalane var ikkje noko nytt for Vibeke Løkkeberg.
– Det er noko du aldri kan vaske av deg eller bli kvitt. Du blir redusert til kjønn. Derfor er slike opplevingar så skadelege for kvinner. Eg ville ikkje vere eit sexobjekt, men lage ting eg hadde full kontroll over. Det fekk eg med Løperjenten og Hud. Noko av det eg er mest stolt av, er at etter skilsmissa frå Pål Løkkeberg lét eg ingen mann bestemme korleis karrieren min skulle utvikle seg, eller kva eg skulle lage film om.
Innspelinga av Hud i 1985–86 førte til ein serie komplikasjonar, med streikeaksjonar i delar av teamet, svært dårleg stemning på settet, sterke konfliktar, tekniske problem som skapte mykje overtid, fyll og spetakkel og stadige lekkasjar til pressa. Og rykte om konkurs.
Under filmopptak på øya Kinn, vest av Florø, måtte ei scene takast om att. Då pakka teamet saman sakene sine, drog med sjøflyet og lét regissøren stå igjen. Skodespelaren Terence Stamp ville bli igjen og hjelpe henne, som etter å ha stått lenge i det kalde vatnet kollapsa i ei grøft. Ho bad han dra med dei andre for å unngå folkesnakk. Så kraup ho fram til næraste hus, der ho mot løfte om betaling fekk sleppe inn, før turen gjekk vidare til sjukehuset om natta. Der blei ho i forkommen tilstand behandla for nedkjøling og høgt blodtrykk.
– Den filmen øydela alt for oss, seier Løkkeberg i dag.
– Der fekk eg kjenne kva det er å vere kvinneregissør i felten.
– Kva var det som nokre år seinare fekk deg til å lage den dokumentariske dramafilmen Der gudene er døde, med handling frå det borgarkrigsherja Serbia?
– Eg har alltid vore svært oppteken av krig. Eg prøvde å forstå det som skjedde ved å møte folk frå Serbia. Eg innsåg fort at det måtte bli ein underground-film, men det var viktig for mange at historia deira blei kjent.
Slik var det også då eg laga Gazas tårer sytten år seinare.
Frimod
Når Vibeke Løkkeberg ser tilbake på livet sitt, er ho klar på at om ho fekk velje om att, ville ho valt mykje det same.
– Det beste i livet mitt har vore kjensla av at eg har kunna hjelpe nokon med filmane mine, at dei har hatt noko å seie. Og så har eg blitt kjent med mange interessante personar. Eg er godt nøgd med at eg klarte å løyse dei oppgåvene eg hadde sett meg. Løperjenten blei som ønskt ein film alle ville omfamne. Med dei formelt meir utfordrande Åpenbaringen og Hud ville eg sprengje grenser, dei var nybrottsarbeid og eg måtte ta sjansar.
Slik Vibeke Løkkeberg sjølv ser det, går det ein raud tråd gjennom alt ho har skapt av film og litteratur. Det forklarar ho med at ho liknar seg sjølv, at ho heile tida har hatt kontakt med seg sjølv og at ho aldri har blitt framandgjort for seg sjølv, korkje som person eller kunstnar.
– Det tematiske spring ut av den eg er. Eg har ikkje svikta meg sjølv slik eg har vore sidan barndommen. Det er vel tale om ei form for frimod og kjærleik som eg ikkje har svike.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg har alltid vore svært oppteken av krig.
Vibeke Løkkeberg, filmskapar og forfattar
Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.