Litteratur
Ei litterær føregangskvinne
Ho var kanskje verdas første kvinnelege hovudkritikar i ei dagsavis og korresponderte med tidas leiande forfattarar. No har Bolette Christine Pavels Larsen fått sin biografi.
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
I dei mange åra Jan Olav Gatland (74) var universitetsbibliotekar i Bergen, levde han tett saman med BCPL, som var signaturen til Bolette Christine Pavels Larsen. For i bibliotekets samlingar finst mange av breva ho sende til og fekk av nobelprisvinnarane Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun, svenske Verner von Heidenstam og andre leiande forfattarar som Arne og Hulda Garborg, August Strindberg, Georg og Edvard Brandes, Amalie Skram og Hans E. Kinck. På Universitetsbiblioteket i Bergen finst også ei stor Holberg-samling og 1566 andre bind som den bibliofile ektemannen hennar, Ole J. Larsen lét etter seg, og som ho også hadde bidrege til.
Biografien Bolette C. Pavels Larsen er ikkje ei tradisjonell livssoge, men ein tematisk ordna presentasjon av det Bolette (forfattaren er på førenamn med henne) utførte og elles engasjerte seg i. Boka har undertittelen Litterær pioner og føregangskvinne. Forfattaren går jamvel så langt som til å kalle henne «litterært renessansemenneske».
– Det er store ord, og eg var litt i tvil om eg kunne ta så sterkt i. Men i det litterære feltet markerte ho seg så tydeleg som kritikar, journalist, omsetjar, forfattar, formidlar, brevskrivar, opplesar og målkvinne, at eg meiner det er dekning for ein slik karakteristikk. Og det var kvalitet i nesten alt ho gjorde.
Biografen fortel at Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904) hadde ein privilegert oppvekst som barn av den kjende Munthe-ætta i Sogn. Bolette var fødd på Kjørnes i Sogndal, men mora kom frå adelsgarden Kroken i det noverande Luster. Ungjenta fekk truleg skulegangen heime, og det er uklart kva ho blei undervist i.
Respekt og beundring
– Kva trur du bakgrunnen har hatt å seie for det seinare livsvalet hennar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.