Musikk

Ei kort reise til nesten heile verda

Ei tidleg helg i juli burde alle bu maks ein times køyretur frå Førde.

Det skotske bandet Breabach fylte Idrettshallen laurdagskvelden.
Det skotske bandet Breabach fylte Idrettshallen laurdagskvelden.
Publisert

Kva kan vere betre på ein herleg, varm sommardag enn ein konsert med ein artist eg kjenner godt og har gledd meg til lenge?

Jau, kanskje å gå på ein konsert med ein – eller gjerne fleire – artistar eg aldri har høyrt om før. Som spelar på instrument eg ikkje visste eksisterte, i rytmar eg ikkje kan definere, men som for artisten er like lette som å ta på seg sko, fordi det er rytmane, instrumenta, melodiane og historiene dei er vaksne opp og fyller livet sitt med.

Førdefestivalen er, trur eg nok, festivalen med flest eple som har ramla nær stammen – og brukt det dei lærte der, til å trille, klatre, spire og gro.

Forboden musikk

Det eg møter her, kjennest som noko eg alltid burde ha visst. Eg visste jo at musikk vart forbode i Afghanistan etter at Taliban kuppa landet i 2021, men eg visste ikkje at landet hadde eit anerkjent Afghanistan National Institute of Music.

Eg visst heller ikkje at musikkinstituttet både måtte og klarte å flykte til eit eksiltilvære i Portugal med elevar og det dei fekk med seg av instrument. Dei spelar framleis på eit nivå som slepper dei inn på dei største scenene i verda, og no på konferanserommet Eikås på Sunnfjord Hotell.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement