Etter å ha jobba ti år utan ferie sa det stopp for trompetist Tine Thing Helseth. På albumet Never going back syng ho sjølv for første gong.
Mor hennar fødde Tine Thing Helseth dagen etter at ho hadde stått bak stortromma på korpsøving. Dottera skulle få korpsmusikken inn med morsmjølka. Alt som femåring, året før ho starta i korpset, byrja ho å spele trompet. Ti år etter slo ho gjennom som trompetist i Bergen filharmoniske orkester, og som attenåring fekk ho hòl på den internasjonale scena. Bachelor- og mastergrad tok ho samstundes som ho reiste rundt i verda og spelte. No er ho ein av verdas største trompetistar i sin generasjon. 20. august feira ho både plateutgjeving og 30-årsdag i den norske operaen. Ho vart gjort stas på av sjølvaste Arve Tellefsen, Mari Eriksmoen, Maria Mena og Ingrid Olava.
– Eg har skrive musikk og låtar sidan eg var lita, men eg har aldri vist det fram. Eg er eigentleg eit popbarn, seier trompetisten frå Vålerenga.
– Du skriv om ei tid du ikkje vil attende til, ifølgje platetittelen. Kva hende?
– Eg hadde jobba ti år utan skikkeleg ferie, og var mykje åleine. Det var ikkje lurt. Eg var heile tida fullbooka to år fram i tid. Då kan du ikkje vere sliten, for du veit at du ikkje får fri. Men ein kjenner seg så privilegert, fordi ein får lov til å ha ein slik jobb, og gløymer presset som fylgjer med å spele konsertar på den måten. Det sa totalt stopp midt i ei prøve. Eg vart sjukmeld i nesten fem månader, og det var svart lenge. «Kvifor gjer eg dette?» tenkte eg. Og eg tenkte på at eg ikkje strekte til. Men så hende det mykje fint òg. Eg merka kor mykje menneska rundt meg betyr for meg, kor nær ein kjem einannan berre ein er sårbar og seier at «no klarar eg meg ikkje sjølv». Eg hadde kjent på signala lenge, men eg gjer ikkje denne jobben for merksemd og pengar. Eg gjer det fordi eg må. Og det var godt å kome opp att.
– Du var rett og slett utbrend?
– Ja. Eg var utsliten, fysisk og psykisk. Eg spelte ikkje musikk på tre månader. Men det var aldri slik at eg ikkje ville spele meir. Eg gjekk på konsert med Mathias Eick, og ein av låtane hans gjorde meg så emosjonell at eg verkeleg fekk kjenne på kvifor eg held på med dette. Det gjev mykje energi å ha denne jetset-livsstilen, og det er svært artig, men no er eg oppteken av å ha friperiodar òg. Då kan eg halde høgt tempo ein månads tid til. Eg har ein regel no, om at eg ikkje skal reise meir enn halve året. Og når eg reiser, prøver eg å ta med meg venninner eller sambuaren på tur. Det er herleg å få dele det med nokon.
– Du syng sjølv på dette albumet. Er det første gong?
– Ja, det er noko heilt anna enn eg har kome med før. Då det var snakk om å gjere eit nytt album, sa Grappa at fekk gjere det eg ønskte. Eg ville vise fram ei anna side. Og då vi kom i studio, produsenten min – Mathias Eick – og eg, hadde eg eit par låtar klare. Han bad om fleire, og fekk sjå på at låtane vart til. Eg skreiv ein ny kvar kveld, og det var ein intens og kul prosess. Det er første gongen eg skriv det meste sjølv, og eg ville at låtane skulle eksistere i den same verda. Dei er ganske like, men dei spelar på ulike vinklingar av temaet.
– Kva tid forstod du at du var i verdsklasse på trompet?
– Eg skjøna det då eg fekk spele i Carnegie Hall i 2010, og Royal Albert Hall. Éin ting er å få spele der, ein annan er å vite at så mange frå heile verda ville høyre på meg fordi dei visste kven eg er og kva eg kan. Eg trur det største no, er at eg er komen dit at eg får lov til å berre vere meg. Eg får lov til å leike. Det er berre eg og nokre svært få andre i verda som har denne jobben. Det er galskap!
Mone Celin Skrede
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.