Drøymer om eit reinsande kaos
Holbergprisvinnar Paul Gilroy meiner at England ikkje har hatt ei regjering på tre år. Den einaste vegen han ser ut av brexit-fadesen, er om ingen av sidene vinn.
Professor Paul Gilroy har fått Holbergprisen 2019.
Foto: Vron Ware
Det England treng, er eit kaos som kan tvinge fram ei meir audmjuk og tilpassa forståing av landets plass i verda, meiner professor Gilroy. For England har ikkje eit moderne, demokratisk system slik normale land har, berre ein stat som blei laga for global dominans og sidan ikkje har vore modernisert.
– Berre eit land med eit sjølvtilfreds forhold til sin institusjonelle integritet kan halde fram så ubekymra på sin livsfarlege kurs. Vi kan ikkje tru det vi ser og høyrer i brexit-prosessen. Sjølv om eg ikkje kallar meg patriot, skammar eg meg over det som skjer i landet mitt. Det må finnast rom for å møte røyndommen i denne øydelegginga, så vi for første gong på fleire hundre år kan bli eit vanleg land.
– Kva trur du vil skje no?
– Ingen veit. Alt kan skje, situasjonen er skjør. Det er lett å vere svartsjåar, men eg må vedgå at eg er redd.
– Ser du brexit som eit biprodukt av Storbritannias manglande evne og vilje til å sjå kritisk på eiga historie som imperialistisk kolonimakt?
– Det er nok ein del av biletet. Folk i England kjenner landets kolonihistorie altfor dårleg. I skulen lærer dei lite om denne historia. Inn i dette tomrommet av historieløyse er det krefter som gjerne projiserer fantasiar om gjenvunnen stordom. Det blir ikkje betre av at postkoloniale immigrantar stadig blir framstilte som «dei ville». Det er den «magien» rasismen byr oss, og mange av mennene som har konstruert brexit, har ikkje vakse opp i England, men i dei tidlegare koloniane. Dei er utan intim kjennskap til livet i England.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.