Diktet: Olav Kaste
Olav Kaste (1902–1991) var ein lyrikar frå Heddal i Telemark som gav ut åtte diktsamlingar 1946–1979. Av yrke var han lærar på Nordbygda skule 1927–1970. Dikta er strenge og iblant tunge, i tradisjonen etter Olav Aukrust, med eit kriste livssyn. Alt i debuten La visne dei blomar stod han fram som ein
alvorsmann som ikkje ville ta del i fredsjubelen etter krigen. Ragnvald Skrede skreiv: «For han er ikkje diktinga leik eller fåfengd, det ligg han ikkje på hjarta å syna kor livsklok og dugande mann han er: diktinga er ein del av livsstriden hans, ein veg til frigjering og vokster.»
Dikta vart lagde merke til av skribentar som Paal Brekke og Erling Christie, Alfred Hauge og Asbjørn Aarnes. Han var ein stillferdig lyrikar. Iblant kalla han seg «ein religiøs grublar». Men no er dikta i ferd med å verta gløymde, etter omsvinget i norsk lyrikk i 1960-åra. I dag er Olav Kaste med i dei færraste antologiar.
Gunvor Hofmo skreiv ein kronikk i Dagbladet i 1951, «Mennesket og respekten», om korleis Heddal-diktaren vart møtt av kritikken: «Med nedlatende skulderklapp, med absolutt uforstand, med skjult hån.» Og siterer diktet «Livsens tre», der siste strofe lyder: «Blenkte eit lys i natt,/ liksom eit lyn slo ned,/ løyste seg brått or skodd/ krossen som livsens tre.»
Også her er graset grønt var Kastes siste samling. Det siste diktet der er «Skrubbedalsnatten», ein kjend topp på Heddalsåsen, 340 moh. Diktet handlar om å leva i ein natur som mennesket ikkje kan måla seg mot. Men mennesket kan elska naturen. Natten er her eit ord som tyder nuten.
Jan Erik Vold
Skrubbedalsnatten
Du står der traust
og stirer ned
på tunet mitt.
Det er slik fred
med deg.
Du løyp ’kje av
om eg drar ut
med ferdastav.
Eg ynkar deg
til tider.
Ingen ferdaveg
for deg er lagt.
Dei same nutar
må du stå
evindeleg
og stire på
i stram giv akt.
Eg ynkar deg,
men veit for visst
du nyt ein føremun
til sist:
Ein morgon skin ei sol
på deg
som ikkje skin på meg.
Olav Kaste
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
Ei litterær føregangskvinne
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Den magiske åtinga