JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Aslaug Vaa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto via Wikipedia

Foto via Wikipedia

2623
20230113
2623
20230113

Før jol trekte eg fram eit omvendt evangelium av poeten Aasne Linnestå, opphavleg frå Telemark. Når «Tjugendagsknut jagar joli ut», vil eg hente fram ein annan sterk diktar frå same (historiske) fylke: Aslaug Vaa (1889–1965).

Jan Inge Sørbø skriv om henne i boka Fire store frå i fjor, side om side med Hulda Garborg, Gro Holm og Marie Takvam. «Dei er høgst ulike, men det gjeld for dei alle at dei er ujamt mottekne og lesne; mangelfullt forstått og overlevert.»

Aslaug Vaa blei i si tid særleg heidra for sin bruk av lokal folklore, folkedikting og tradisjonelle former som ballade og stev («Så rodde dei fjordan»), men «når ho tenkjer, blir dikta hennar knusktørre», som ein kritikar skreiv.

I seinare år er nettopp den «poetiske tenkinga» hennar blitt løfta fram som det sentrale i forfattarskapen. For Vaa var denne tenkinga alt anna enn tørr, ho var «so naturleg»: «Poesien vil uttrykkje noko som ligg gøymt i sinnet til alle menneske.»

Eit godt døme på dette er diktet «Nott», henta frå den femte samlinga hennar, Fotefár (1947). Ein veit at Vaa hadde lese både Blake, Nygard og Aukrust, men kan hende hadde ho òg lese Le bateau ivre av Arthur Rimbaud medan ho budde i Paris nokre tiår tidlegare? I «Nott» let ikkje eget seg fare nedetter elva som ein båt i rus, men svingar opp i «nattehimlen», ikkje lenger bunden til elvesteinane. Eget løyser seg opp, blir til fjom som dalar ned over jorda og blir del av naturens krinslaup. Eit kosmisk, økokritisk samband på tvers av alt som finst, også mellom menneske, mellom eg og du.

Då Vaa skulle velje ut tre dikt til antologien Det beste jeg har skrevet i 1949, var «Nott» eit av desse.

Cathrine Strøm

Frå svevn på hundra favnars djup,

– frå algelivet nedi botnen av meg sjølv –

ei bylje løyste meg frå mine elvesteinar

og bar meg dormande frå lag til lag

av smerte og av lyst, til undrande eg svinga

upp i nattehimlen,

der stjernene drog til seg

tunge kloders luft

og heldt ho fanga i den høge stilla

som opne dynnar til uendelege rom …

…. der flodar, flodar,

ømme, bitre tåreflodar

vogga smertens muslingsperlur

over evighetens strender ….

som eit lån av lykke fær eg

halda fast dei dyre smykke

i eit stutt … so stutt sekund …

då med usannsynlig sanning

dei min lekam gjennomstrålar,

muldrar meg til bitte fjom,

spreier meg og let meg dala

ned i jordis liljekalk.

Frå elvesongen over jord og stein,

frå hjerteslag i skogens bol og reir,

frå pust av kimen der den sprengjer skalet

tok nattestilla jordis ande inn.

Då vakna eg i andedraget ditt

idet du kviskra som frå fjerne strender:

So underleg! Eg drøymde eg var deg.

Aslaug Vaa

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis