Diktet: Arvid Torgeir Lie
Foto: Gyldendal
Vi skal ikkje gløyma Arvid Torgeir Lie (1938–2020), telemarksdiktaren som kom frå Skafså, der far hans var gruvearbeidar.
Han tok artium på Rjukan, var anleggsarbeidar og tømmerhoggar, hadde trekkspel, studerte eit par år på Blindern, før han vart poet på heiltid: tolv diktsamlingar 1967–2011, éi novellesamling Den nye maskina (1986), gjendikting av tsjekkaren Miroslav Holub (1994) og av franskmannen Eugène Guillevic (1997).
Den folkelege kristendomen var levande i oppveksten hans – «Jesus øvst i liene./ Blå Jesus./ Vide Herre./ Kjærleghet i kjole./
Tankejesus./ Bønnejesus.»
I eit intervju sa Arvid Torgeir Lie: «Dei større bøndane og andre som stod litegrann høgare i samfunnet søkte sjeldan til pinsevennbevegelsen… Å gå rundt og bekjempe religiøse tankar i eit samfunn, marxismen-leninismen ser på det som ei viktig oppgave, eg trur det er ufornuftig.»
Poeten søkte seg vekk frå Telemark, slo seg ned i Spydeberg i Østfold, der kona hans kom frå. «Pinsevennene sat i enklare hus, i tømmerhytter og sånt og hadde ei uformell og fri form for gudsteneste.» I motsetnad til det fine folket (Richard Nixon, Billy Graham etc.), som har delt Kristus mellom seg.
Diktet er frå Skrive og tenke (1971), poetens viktigaste samling. Opninga er gåtefull: «Dei har spart Kristus.» Kven dei? Korleis spart? «…han som var julas løve og tiger». Vakre vokalar i eit heidensk uttrykk – vi er i Asia, tigrar finst ikkje i Afrika. Og Kristus er ikkje eit presens. Trass i at vatn dryp over andletet hans. Han seier ikkje eitt ord.
Kven er han no alarmklokke for?
Jan Erik Vold
Kristus
Dei har spart Kristus
han som var julas løve og tiger,
og ei alarmklokke.
Han er blitt den siste i språket
Kristus tonar ikkje lenger mellom trea,
han er ikkje eit presens,
og det fins ikkje noe Kristus-styre.
Dei har lagt han i eit Kristus-skrin
og tatt han med seg utan bestemmelsestad.
På spørsmål svarar dei alltid at dei har Kristus med seg.
Men vi høyrer at han alt er død.
President Nixon og Billy Graham elskar Kristus.
Kristus er delt!
Dei regjerer over han.
Det er noen som har sett han i ein draum,
det draup vatn over andletet hans,
og det kom ikkje eit ord over leppene.
Han som var ei alarmklokke. Og julas løve og tiger.
Arvid Torgeir Lie
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
Ei litterær føregangskvinne
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Den magiske åtinga